Bonden trur det vert nytt brot i år

NAUSTDAL (NRK): Bonde Tor Arne Herstad er svært skuffa over staten sitt tilbod til bøndene. Han vert ikkje overraska om det endar med brot også i år.

Bonde Tor Arne Herstad

KAN BLI BORT: Tor Arne Herstad er ikkje nøgd med tilbodet frå staten i årets jordbruksoppgjer. Her frå samdriftsfjøsen i Åsdalen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Årets tilbod vil gå hardt ut over dei små bruka, seier leiar i Naustdal bondelag, Tor Arne Herstad.

Frp-minister Sylvi Listhaug tilbyr bøndene 90 millionar kroner i årets jordbruksoppgjer, noko som er under ein tidel av bondeorganisasjonane sitt krav på 950 millionar kroner.

– Eg er veldig skuffa over viljen til å bruke pengar på norsk mat. Dei tar midlar frå små einingar, som eg meiner er med på å bidra til norsk rein mat, over til det Listhaug meiner er berekraftig norsk storproduksjon, seier han.

Kan vente seg nok eit brot

Tilbodet på 90 millionar vil utgjere ein gjennomsnittleg lønsvekst neste år på 1,75 prosent, mot 3,1 prosent som er anslaget for den generelle lønsveksten.

Når bøndene i utgangspunktet tener langt mindre enn samanliknbare grupper, er ikkje tilbodet frå staten på nokon måte akseptabelt, seier Herstad

– No må dei til å forhandle. Om det ikkje går an å forhandle opp noko, så er det truleg at det vert brot att i år, seier han.

– Då kan ein rekne med aksjonar frå bøndene i år også?

– Blir det brot blir det aksjon. Aksjonsplanane våre er alltid på plass. Eg er klar, seier han.

Bør vere fornøgd med tilbodet

Herstad fryktar at fleire gardbrukarar, ikkje minst småbønder på Vestlandet, vil få ein direkte inntektsreduksjon det komande året.

– Vi får ikkje auke i norsk matproduksjon om vi berre skal ha dei store, seier han.

Statens sin forhandlingsleiar Leif Forsell meiner bøndene må vere fornøgde med årets tilbod frå staten.

– Allereie før jordbruksoppgjeret har jordbruket ei veldig god inntektsutvikling. Fallande rentenivå er ein av grunnane. Så dei går inn i oppgjeret med 8,7 prosent inntektsvekst frå 2014 til 2015. Så vårt tilbod meiner vi vil gje ei god inntektsutvikling, seier Forsell.

Trur det vert eit godt oppgjer

Lars-Svein Drabløs

POSITIV: Lars Svein Drabløs (Frp) trur årets oppgjer til slutt endar godt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Lars Svein Drabløs, minner om at det no skal forhandlast om oppgjeret og kjenner seg trygg på at det blir eit godt oppgjer for bøndene.

– Vi ser dei siste åra ei stor auke i inntektene til bøndene og ei stor optimisme i næringa. Eg trur at når dette er ferdig så vert dette eit god oppgjer, seier Drabløs.

Forbanna over manglande vilje

Anders Felde

FORBANNA: Bondelagsleiar Felde synest årets tilbod frå staten er ein nedtur.

Foto: Bård Siem / NRK

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane derimot er ikkje fornøgd med det staten tilbyr bøndene i årets oppgjer.

– Eg er nesten forbanna over at det er manglande vilje til å prioritere landbruk og auka matproduksjon, seier bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde.

Bøndene håpar på gode jordbruksforhandlingar

SJÅ TV-SAKA: Bøndene kjem med sitt krav.