Hopp til innhold

Bompengeopprøret påverkar kvar tredje veljar i nye Vestland fylke

Store skilnader mellom Bergen og resten av det kommande fylket.

Bozena Ignatowicz er ei av mange som vert påverka av bompengeopprøret i valkampen

VIKTIG SAK: Bozena Ignatowicz køyrer kvar dag gjennom bomringen i Førde. Ho kjem til å stemme på eit parti som er mot bompengar. Kva for eit, veit ho ikkje enda.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Ei undersøking Sentio har gjort for NRK viser at ein av tre spurde seier at dei er påverka av bompengeopprøret når dei skal velje kva parti dei skal stemme på i det kommande valet.

– Eg veit ikkje kva parti eg skal stemme på enda, men det vert sjølvsagt eit som er mot bompengar, seier Bozena Ignatowicz.

Ho er ein av mange potensielle veljarar i nye Vestland fylke som kan komme til å velje parti basert på bompengedebatten.

Ikkje mogleg å ignorere

Toppkandidaten til Folkeaksjonen Nei til Mer bompenger (FNB), Knut Inge Andersen, er ikkje overraska over at interessa for hjartesaka deira er sopass høg.

– Det understrekar det me trur, nemleg at bompengesaka er eit av dei viktigaste enkeltsakene som folk legg vekt på når dei skal bestemme seg for kva dei skal stemme på.

Knut Inge Andersen

IKKJE OVERRASKA: Leiar i FNB, Knut Inge Andersen, seier at den økonomiske belastninga bomringar har på dei som skal leve i det, naturleg nok vil engasjere.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Han trur eit av dei store årsakene til at så mange er opptekne av temaet, er at det økonomiske omfanget på norske vegar, no har vorte så stort at ein ikkje kan ignorere effekten av det lengre.

– Dette har vorte eit problem som gjer at folk må snu og vende på privatøkonomien sin. Det får større konsekvensar enn det gjerne styrande politikarar har ville ta innover seg, seier han.

Størst i storbyen

Undersøkinga visar også store forskjellar mellom by og distrikt. I Bergen er talet på veljarar som er råka av temaet så mykje som 40 prosent, medan Hordaland i sin heilskap ligg på 28 prosent, og Sogn og Fjordane på 19 prosent.

Andersen er ikkje overraska over at temaet har fått mest merksemd i Bergen, der talet på bomringar sopass høgt.

– Det er akkurat som forventa. I Bergen skal ein ikkje køyre mange hundre meter før den første bommen kjem, og rekningane kjem i posten i eit køyr.

Han meiner derimot at tala frå Sogn og Fjordane er oppsiktsvekkande høge.

– At ein av fem veljarar i Sogn og Fjordane engasjerer seg i dette er nesten meir overraskande, då folket berre har ein bomring, i Førde. Det fortel at folk byrjar å tenke på kva system ein kan få rundt seg i nærmiljøa sine om man ikkje er påpasseleg og stoppar det.

– Media-agendaen bestemmer

Fjaler Kommune stemte tidlegare i år på byggje ut fylkesveg 57 ved hjelp av bompengefinansiering. Den avgjerda vakte stor oppstand, og ikkje lenge etter stemte eit samrøystes kommunestyre i nabokommunen Gaular, nei til utbygging av vegen ved hjelp av bomringar.

Ordførar Gunhild Berge Stang (V) i Fjaler kommune meiner media må ta på seg noko av skulda for at bompengedebatten har vore eit så sentralt i tema valkampen.

Gunhild Berge Stang

PRIORITERINGAR: Ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Berge Stang, meiner det er synd at viktige tema som helse og omsorg, har vorte nedprioritert i valkampdekninga grunna bompengedebatten.

Foto: Josef Tveit / NRK

– Denne debatten har heilt klart prega valkampen. Når andre tema som helse og omsorg, skule og næringsutvikling druknar i det, så vert det media-agendaen som bestemmer kva ein skal ta utgangspunkt i når ein skal velje parti, seier ho.