Hopp til innhold

Boge Solås og Tertnes tar ferie på tabelltopp

Med 25–24 siger over Vipers Kristiansand i Haukelandshallen onsdag, vil Tertnes ha tabelltoppen fram til serien byrjar att på nyåret.

Kjerstin Boge Solås

BETRE I ANGREP: Sidan overgangen til Tertnes har Kjerstin Boge Solås utvikla angrepsspelet sitt, og blitt endå betre i den offensive delen av spelet.

Foto: Njål Arnar Johansen

– Det er utruleg kjekt, og det var ein slitesiger for oss, seier Kjerstin Boge Solås til NRK.

Etter kampane onsdag tar laga i eliteserien no VM- og juleferie fram til 3. januar. I sigeren mot Vipers noterte 17-åringen frå Dale i Sunnfjord seg for tre scoringar. Tertnes toppar tabellen med 15 poeng på ni kampar, det er poenget framfor Glassverket og Larvik. Larvik har blitt trekt tre poeng grunna dårleg økonomi.

Kjerstin Boge Solås

TØFFE TAK: Det er tøffe duellar på handballbana, men Boge Solås går like tøft i kvar einaste duell.

Foto: Njål Arnar Johansen / NRK

Rett til Ungarn

At det er opphald i seriespelet til over nyttår betyr ikkje at Boge Solås får ferie av den grunn.

– Måndag reiser eg på samling med juniorlandslaget i Ungarn, og den varar fram til fredag, seier Boge Solås.

Når ho kjem heim att er det få dagar til VM for senior byrjar. Der skal lagvenninne Stine Skogrand spele.

– Det blir ekstra kjekt å sjå på VM no når ho er med, fortel 17-åringen.

Etter å ha budd i Bergen dei siste månadane, skal ho feira jul med familien heime i Dale.

– Eg ventar på ho eg

Tertnes-kaptein og VM-uttatte Stine Skogrand er mektig imponert over korleis 17-åringen har tatt nivået på elitenivå.

– Eg gløymer ofte at ho berre er 17 år. Ho spelar og opptrer mykje eldre enn det, seier Skogrand til NRK.

Hadde ein slike forventningar til ho då ho kom til klubben?

– Absolutt ikkje. Ho er 17 år og kom rett frå 2. divisjon. Då kan ein ikkje ha slike forventningar, og ho veks i kvar einaste kamp, seier Skogrand.

Skogrand er tatt ut i VM troppen som skal representere Norge under VM i Danmark frå 5.–20. desember.

Trur du Kjerstin har det som skal til for å bli tatt ut på landslaget i framtida?

– Ja, eg ventar på ho eg, seier Skogrand og smiler bredt.

Stine Skogrand

IMPONERT: Tertnes-kaptein Stine Skogrand er mektig imponert over kor fort Boge Solås har tatt nivåovergangen frå 2. divisjon til eliteserien.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Utvikla angrepsspelet

Boge Solås vart henta til Tertnes før sesongen av Tertnes-trenar Tore Johannessen. Han kjenner ho godt frå før, gjennom sin jobb som trenar for juniorlandslaget, der Boge Solås har vore med.

Tore Johannesen

ENORMT POTENSIAL: Tertnes-trenar Tore Johannessen meiner Boge Solås kan bli så god som ho sjølv vil.

Foto: Njål Arnar Johansen / NRK

– Ho gjer meir på elitenivå enn det ho gjorde som 2. divisjonsspelar. Eg var sikker på at ho kom til å bidra for oss med ein gong i forsvarsspelet, men eg er veldig imponert over korleis ho har utvikla angrepsspelet sitt, seier Johannessen.

Kor stort er potensialet hennar?

– Ho har ingen avgrensingar i spelet sitt. Ho er ein tovegsspelar som kan bli verdifull for andre enn juniorlandslaget på sikt, svarar Johannessen.

Boge Solås vart blant anna lagets toppscorar med fem scoringar i 35–21-tapet mot Larvik i semifinalen i cupen.