Hopp til innhold

Legg igjen respekten i garderoben

BERGEN (NRK): Kjerstin Boge Solås (17) frå Dale vart kåra til Tertnes sin beste spelar i 35–21 tapet mot Larvik i semifinalen i cupen. 17-åringen gjekk respektlaust til verks mot dei meritterte Larvik-spelarane.

Kjerstin Boge Solås

BEST PÅ BANA: Ho er berre 17 år, men Kjerstin Boge Solås frå Dale har allereie byrja å bite godt frå seg i eliteserien

Foto: Njal Arnar Johansen / NRK

– Før kampen tenker ein jo på kor mykje dei har vore med på å vinne for Norge, men når kampen startar vert det som alle andre kampar, seier Kjerstin Boge Solås til NRK etter kampen.

Tertnes starta kampen bra, og hang med dei første fem minutta. Etter det viste Larvik kvifor dei er det mestvinnande laget i Norge, og vann til slutt fortent 35–21.

Tøffe taklingar

17-åringen frå Dale vart henta til Tertnes før sesongen etter spel for Førde og Dale i 2.- og 3. divisjon førre sesong.

Må skrive autografar

POPULÆR: Etter kampen i kveld måtte Boge Solås skrive autografar til fansen.

Foto: Njal Arnar Johansen / NRK

– Eg merkar at det er mykje høgare tempo og at det er tøffare i duellspelet på dette nivået, seier Boge Solås.

Og tøffe duellar vart det for Boge Solås, som måtte stri med meritterte spelarar som Marit Malm Frafjord, Gro Hammerseng-Edin, Karoline Breivang og VM-klare Amanda Kurtovic.

Sistnemnde fekk kjenne den tøffe 17-åringens duellstyrke på kroppen. Mot slutten av første omgang sette Boge Solås inn ein susande takling på Kurtovic, som tok teljing. Andreomgang sat ho på benken med ispose på handleddet.

– Gjorde ho? Det var verkeleg ikkje meininga å skade ho, men det er tøffe tak bak der, og sånne ting skjer, seier Boge Solås.

Toppscorar og pris

Jenta frå Dale har sin styrke i den defansive delen av spelet, men mot Larvik vart ho lagets toppscorar med sine fem scoringar og attpåtil fekk ho prisen for lagets beste spelar.

– Eg fekk ein laks som premie, og eg er jo glad i fisk, seier 17-åringen og ler.

Lagets beste pris

LAKS: Kjerstin Boge Solås fekk etter kampen utdelt prisen for heimelagets beste spelar, og vart 'ein laks rikare'.

Foto: Njal Arnar Johansen / NRK

Hjå bortelaget var det Karoline Breivang som stakk av med prisen for beste spelar.

Over 1500 tilskodarar tok turen til Haukelandshallen for å støtta heimelaget.

– Det er kjedeleg at vi ikkje klarar å prestera betre når så mange har møtt opp for å støtta oss. Før kampen var vi klare for å gje dei kamp heile vegen, men dei var betre enn oss, oppsummerar Boge Solås.