Hopp til innhold

17-åring frå Dale imponerer i eliteserien

Kjerstin Boge Solås (17) frå Dale har teke steget frå 2. divisjon til eliteserien i handball. Det har ho gjort på ein måte som har imponert meritterte medspelarar.

Kjerstin Boge Solås (8)

FORSVARSSJEF: Kjerstin Boge Solås (8), berre 17 år gamal, men likevel sjef i forsvaret til Tertnes. Til vesntre Stine Skogrand

Foto: VIDAR LANGELAND / Bergensavisen (BA)

Kjerstin spelte sist sesong for Førde i 2. divisjon og for Dale i 3. divisjon. Det gjorde ho så godt at Tertnes-trenar Tore Johannesen i vår fekk ho til å melde overgang og prøve seg i eliteserien.

Og etter to seriekampar har ho alt etablert seg som forsvarssjef for Tertnes. Lagkamerat og toppskårar Stine Skogrand er imponert.

– Det har gått over all forventning. Ho tok steget alt frå første trening. Når ho står der i midtforsvaret er det ingen som skulle tru at ho er så ung. Det er utruleg gøy å sjå på. Ho stoppar alle og spreier ein veldig stor tryggleik.

Stine Skogrand

- UTRULEG GØY: Medspelar Stine Skogrand er full av lovord over 17-åringen frå Dale.

Foto: VIDAR LANGELAND / Bergensavisen (BA)

– Merkar nivåskilnaden

Kjerstin sjølv brukar ikkje store ord om eigen innsats, men ho er nøgd med det ho har prestert så langt.

– Det har gått veldig bra, både for meg og for laget. Det har gått langt lettare enn vi rekna med i oppkøyringa til sesongen. Overgangen frå Førde og 2. divisjon har gått greitt, eg merkar nivåskilnaden både på tempoet og trykket i duellane. Men eg har jobba bra på treningane og i treningskampane.

– Ei viktig brikke

For Tertnes-spelarane er det ikkje heilt overraskande at Kjerstin gjer det så godt. For trenaren deira, Tore Johannesen, hadde fortalt dei om jenta frå Dale, som han også er trenar for på juniorlandslaget.

– Tore har skrytt veldig mykje av ho, at ho er ein veldig god forsvarsspelar. Men det er stor skilnad på 2. divisjon og eliteserien, så det var ikkje gitt at ho ville ta nivået, seier Stine Skogrand.

– Kan stoppe alle

Tertnes har spelt to seriekampar og vunne begge, borte mot Sola og heime mot Glassverket, som på førehand var rekna som eitt av dei to-tre beste laga i serien. Tertnes vann 28-21.

– Vi fekk til det vi hadde snakka om på førehand, mellom anna forsvarsspelet, der Kjerstin er ei viktig brikke, seier Stine Skogrand.

– Neste kamp er borte mot den suverene seriefavoritten Larvik, trur du ho kan stå like godt imot der?

– Ja, absolutt. Ho kan stoppe alle, ho har hovudet, og ho har fysikken. Kven vi møter skal ikkje ha så mykje å seie, seier Stine Skogrand.

Kjerstin Boge Solås

LITT Å GÅ PÅ: Kjerstin har notert seg for sine to første eliteseriemål, men blir mest brukt som forsvarsspelar.

Foto: VIDAR LANGELAND / Bergensavisen (BA)

– Litt beskjeden

Både på juniorlandslaget og på Tertnes er Kjerstin Boge Solås stort sett forsvarsspelar. Ho blir bytt ut når laget går i angrep. Men både mot Sola og mot Glassverket kom ho i målprotokollen med eitt mål i kvar kamp. Stine Skogrand trur ho med tida kan bli god også i denne delen av spelet.

– Der har ho litt å gå på, ho er litt beskjeden, men ho har eit supert talent også der. Ho skyt kjempebra og veldig hardt, så ho må gå litt meir for eigne sjansar, det seier vi til henne.

A-landslaget: Mål sidan ho var lita

Og Kjerstin sjølv vil gjerne bidra meir i jakta på mål.

– Eg har som mål å bli ein meir komplett spelar. Eg må tore å ta det siste steget mot mål og satse på eigne sjansar. Det må eg bli mykje flinkare til.

– No har du teke eitt stort steg, kva blir det neste, kanskje A-landslaget?

– Det har vore målet sidan eg var lita, men no er det å prøve å bli ein meir komplett spelar, å få det til å sitte både i angrep og forsvar. Så får landslagsspel kome når og om det kjem, men eg trur det blir lenge til.