Hopp til innhold

Bø om broren sitt NM-gull: – Dette er det verdsklasse over

Johannes Thingnes Bø var suveren då han stakk av med NM-gullet i fellesstart på rulleski i dag. – Dette er gode svar å få, seier skiskyttaren som om halvannan månad må prestere med snø under beina i det som blir ein svært spennande sesong før OL.

Johannes Thingnes Bø vann NM-gull i fellesstart på rulleski

NM-GULL: Med fullt hus på alle fire skytingane var det ingen som kunne måle seg med stryningen Johannes Thingnes Bø på fellesstarten på rulleski-NM i Sirdal.

Foto: Sofie Johnsen og Oskar Mæland/NMSirdal

– Det vart stong inn på skytinga, og eg går godt på ski. Når ein får til begge deler, så blir det kjempebra, seier stryningen til NRK.no søndag ettermiddag.

Han tek med seg sølv på sprinten og gull på fellesstart frå NM på rulleski i Sirdal denne helga. Medan han i går enda fire sekund bak gullvinnar Vetle Sjåstad Christensen, vart det fullt hus og gull på fellesstarten i dag.

– Det han gjorde i dag var det verdsklasse over. Han vinn verdscupløp med slike prestasjonar, seier storebror Tarjei Bø om gulløpet.

– Det er eg for så vidt einig i. Det er ikkje noko eg kunne gjort annleis med løpet i dag. Det er sjeldan ein får til eit prikkfritt løp, så dette hadde vore eit godt løp også i verdscupsirkuset, seier Thingnes Bø.

NM-gull utan toppform

Trass ein 29.-plass i verdscupfinalen i Holmenkollen i vinter, kunne 24-åringen frå Stryn juble over tredjeplass samanlagt i verdscupen. Med det vart han beste nordmann.

Om to månadar startar verdscupsirkuset opp att, og Thingnes Bø har ei god kjensle etter rulleski-NM i helga.

– NM på rulleski har blitt berre viktigare og viktigare. Det er ikkje mange konkurransar vi går om sommaren, så det er godt å få desse to konkurransedagane der ein innstiller seg på å gjere det same som ein skal til vinteren.

Herrelandslaget i skiskyting avslutta ei ti dagar lang treningssamling med meisterskapen i Sirdal. Thingnes Bø seier rulleski-NM også er som ei trening for han.

– Det er artig å gå bra, men eg føler ikkje eg er i toppform enno. Men eg tenker ikkje så mykje på om eg er i form no eller ikkje. Eg er trygg på at det skal bli bra når sesongen startar.

Johannes Thingnes Bø på pallen etter rulleski-NM

BLID: 24-åringen frå Stryn seier NM i rulleski har blitt eit stadig viktigare meisterskap for skiskyttarane opp gjennom åra. – Det er få konkurransar på sommaren, så det er godt å få desse to løpa der ein innstiller seg på å gjere det same som ein skal gjere til vinteren, seier Johannes Thingnes Bø.

Foto: Sofie Johnsen og Oskar Mæland/NMSirdal

To sure fjerdeplassar

For storebror Tarjei Bø vart det to sure fjerdeplassar på rulleski-NM.

– Det er alltid kjedeleg å bli nummer fire. Men eg hadde bra fart på skia, og så må eg justere litt på skytinga i månadane fram til sesongstart.

Etter at han fekk store delar av sist sesong spolert på grunn av sjukdom, har 29-åringen no godkjensla før den viktige OL-sesongen.

– Den fysiske forma er eigentleg veldig bra. Eg er overraska over at den er såpass bra etter den vinteren som var, så der føler eg at eg har ganske kontroll nett no.