Hopp til innhold

Blir sambuarar for å satse mot EM

Det er berre eit halvt år igjen til EM i vektløfting i Førde og Naustdal. Denne veka er det EM-samling med Norges beste utøvarar i bygda.

Jantsen Øverås, Tore Gjøringbø og Sandra Trædal har flytta saman for å satse mot EM

SATSAR SAMAN: Jantsen Øverås, Tore Gjøringbø og Sandra Trædal har flytta saman for å satse mot EM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fleire av dei beste løftarane flytta inn i det dei kallar "vektløftarhuset".

– Det blir til at vektløfting blir ein del av livet vårt, for vi ser kvarandre heime og på trening. Livet har blitt veldig forandre etter at vi flytta inn her, seier Jantsen Øverås.

Saman med Sandra Trædal og Tore Gjøringbø bur han no"vektløftarhuset".

Lunsjpause på EM-samling

LUNSJPAUSE: Det går med store mengder mat når ein trenar tre gonger for dagen. Frå venstre Ine Anderson, Tore Gjøringbø, Jantsen Øverås, Marit Årdalsbakke, Sandra Trædal og Daniel Rones Strand.

Foto: Rune Fossum / NRK

EM-samling

Denne veka er fleire av dei beste vektløftarane på EM-samling i Naustdal. For Øverås har satsinga fungert.

– Med tanke på dei resultata det siste året så har eg hatt stor framgang.

Tung løft

Berre nokre hundre meter unna vektløftarhuset klirrar det i tunge vekter der Gunnar Reiakvam rettleiar utøvarane på trening.

– Dei jobbar bra, eg slepp å jage på dei. Det går liksom av seg sjølv, seier Reiakvam.

Marit Årdalsbakke på trening med Gunnar Reiakvam

TØFFE VEKE: Marit Årdalsbakke på trening med Gunnar Reiakvam

Foto: Rune Fossum / NRK

Denne veka er det tre treningar om dagen. Det er eit tøft løp.

–Dei kjenner det etter ei slik veke, at dei har fått køyrt seg litt. Det er klart med tre treningar for dagen så blir du litt slakk i fisken på slutten. Men har du ambisjonar om å bli kretsmeister, eller hevde deg utanom Norge, så kan du ikkje berre trene ein gong om dagen.

Pushar kvarandre

Reiakvam håpar og trur at Tambarskjelvar kan få med fem-seks deltakarar til EM.

Daniel Rones Strand i aksjon på trening

I AKSJON: Daniel Rones Strand på trening i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sindre Rørstadbotnen og Jantsen Øverås ligg best an på herresida, og Tore Gjøringbø nærmar seg.

På damesida er Ina Andersson, Sandra Trædal og Marit Årdalsbakke i rute.

– Dei pushar kvarandre heile tida, og det er dei nøydde til å gjere sjølv om vi er ein individuell idrett. Dei er nøydde til å presse kvarandre, det er ingen som har kome høgt på resultatlistene heilt åleine i denne idretten, seier Reiakvam.

Heim frå Oslo

Marit Årdalsbakke har komme heim frå Oslo for å få med seg samlinga. Ho har teke eit friår frå studia for å satse fram mot EM.

– No går det i trening og litt jobbing for å klare husleiga, seier Årdalsbakke.

Det viser kor viktig dette er for deg?

– Ja, absolutt. Det er no eller aldri. Karriere har eg god tid til seinare.

OL i sikte

Jantsen Øverås på trening

MED OL I SIKTE: Jantsen Øverås

Foto: Rune Fossum / NRK

Tilbake i vektløftarhuset for å kvile ut etter nok ei økt, har Jantsen Øverås meir enn berre EM i sikte.

– Eg skal til OL, og eg skal ta medalje, ler ein optimistisk Øverås.