Hopp til innhold

Nærmar seg sakte, men sikkert EM-kravet

– Marit bør ha EM-kravet innan rekkevidd, slår Gunnar Reiakvam fast etter Marit Årdalsbakke sin sjetteplass i U23-EM i Klaipeda.

Marit Årdalsbakke

PERS: Marit Årdalsbakke sette ny personleg rekord med 85 kilo i rykk.

Foto: Privat

Vektløftaren frå Jølster starta i 69 kilosklassa og noterte seg for 85 kilo og 5.-plass i rykk. I støt vart Tambarskjelvar-løftaren ståande med startvekta på 92 kilo.

Totalt vart det sjetteplass i meisterskapen.

– Ho persa med fire kilo i rykk, og det må vere veldig bra i ein meisterskap, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Bør klare EM-kravet

Reiakvam ser litt lenger enn berre dagens resultat. For dei sju norske løftarane reiste ikkje til Litauen med dei store medaljehåpa. I alle fall for sunnfjordingane handlar det til sjuande og sist om å klare kvalifiseringskravet til EM på heimebane.

Reiakvam kjenner seg trygg på at Årdalsbakke kvalifiserer seg til EM.

– I dag fekk ho underkjent eit støt på 96 kilo. Med eit godkjent løft ville ho vore vel ni poeng, eller seks-sju kilo frå EM-kravet. Det har ho inne. Marit klarer eit par kilo til i rykk og bør ta snart ta sikte på å støte 100 kilo, seier han.

Ein god dag

Tidlegare på dagen såg han Jantsen Øverås sette ny rekord med 117 kilo i rykk i 69-kilosklassen. Tore Gjøringbø (94 kg) sette ny personleg rekord samanlagt etter 131 kilo i rykk og 164 kilo i støt. Og fredag skal Sindre Rørstadbotnen i sving i 105 kilosklassa.

Summa summarum er Reiakvam nøgd med det han har sett av disiplane sine.

– Vi hadde ikkje venta medaljar, men vi ser at vi tek sakte men sikkert innpå dei beste i Europa, seier han.