Hopp til innhold

– Black Friday øydelegg julehandelen

FØRDE (NRK): To veker før jul er det unormalt stille på kjøpesentera. Frå i fjor har handelsomsetninga i desember gått ned 4,2 prosent, og Black Friday får skulda.

Dagleg leiar i Sport Outlet Førde

STILLE: Kirsti Njøsen ved Sport Outlet i Førde har merka at det har vore rolegare i butikken i tida etter Black Friday.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– Black Friday var veldig hektisk. Vi hadde meir enn dobbelt så mange tilsette på jobb enn vanleg, seier dagleg leiar på Sport Outlet i Førde, Kirsti Lunde Njøsen.

Då butikken opna i 2014 hadde dei ein jamn straum kundar frå midten av november og fram til jul.

– Dei siste åra har Black Friday tatt mykje av julehandelen. Det ser ut til å ha festa seg hos kundane at det er då ein skal handle, og så blir det eit vakuum, forklarar Njøsen.

Alle var likevel ikkje med på kjøpefesten, som denne butikken i Stryn som stengde i protest.

Endra handlemønster

Tradisjonelt har julehandelen vore den beste tida for butikkane.

– Eg føler shoppe-mønsteret har endra seg. Kundane planlegg å handle dei dagane det er store sal, seier butikkleiaren.

Bror William Stende i Virke stadfestar dette inntrykket.

– Om vi ser på same veke i fjor, veke 48, ser vi at omsetninga gjekk ned 4,2 prosent. Vi har altså ein treigare start på julehandelen enn tidlegare år.

Ein må ta med i reknestykket at det har vore ein handledag mindre i år. Det gjev ein nedgang på 0,5 prosent.

– Det er nok først og fremst Black Friday som trekk ned veksten. Folk har gjort unna ein del av julehandelen, og det gjer november til ein viktigare månad, seier Stende.

Han trekk også fram netthandel som ein aukande trend.

Vil gjere seg ferdig med julegåvene tidleg

– Eg nytta meg av Black Friday, for eg tenkjer det er fint å kjøpe alt på éin gong og å bli ferdig tidleg. Eg handlar som regel i butikk, men i år gjorde eg eit unntak og handla frå nettbutikk til dama, seier Michael Johannessen.

Michael Johannessen og Tristan Bergby

I RUTE: Michael Johannessen og Tristan Bergby er godt i gang med julegåvene, men handlar mest på Internett. – No manglar eg berre gåve til foreldra mine, og eg tenkjer å handle på nettet til dei òg, seier Michael Johannessen.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– Eg handla ikkje på Black Friday, men eg handlar helst på nettet. Eg føler det er betre utval der, skyt Tristan Bergby inn.

Andre synest det er meir behageleg å handle julegåver etter dei store tilbodsdagane.

– På slike handledagar der det er enormt med folk, då gidd eg ikkje handle. Det blir for mykje, rett og slett, seier Ingunn Jansson Ask.

Kunde på Sport Outlet

FOR TRAVELT: Ingunn Jansson Ask likar ikkje å handle på dagar som Black Friday.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Stille før stormen

– Frå tidlegare år veit eg at det vil ta seg opp att når det nærmar seg jul, seier Sport Outlet-leiar Kirsti Lunde Njøsen.

Ein del er ute i siste liten med julegåvene.

– Det er roleg no fordi mange gjer seg ferdig på Black Friday, men så kjem folk tilbake rett før jul fordi dei ser at dei manglar litt gåver, seier Njøsen.