Stengjer butikken i protest mot Black Friday

– Black Friday øydelegg for småbutikkane, hevdar Maja Dahl Igland og Marita Hjelmeland hos konseptbutikken Nério+Fend i Stryn. Dei stengjer like godt i protest.

Butikk i Stryn stenger på Black Friday

HELD STENGT: Maja Dahl Igland og Marita Hjelmeland vil ha tilbake dei gode, gamle salsdagane.

– Vi vil tilbake til det gode, gamle januarsalet og sommarsalet, så vi vel å halde stengt for å vise kva vi meiner om den nye trenden, seier Marita Hjelmeland.

Butikkeigarane meiner slike kampanjar øydelegg marknaden.

– Trendar som Black Friday er med på å presse prisane. Dei store aktørane køyrer på med kjempestore tilbod som vi små spesialbutikkane ikkje har sjanse til å matche.

– Skapar berre stress

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, meiner Black Friday berre er ein kjøpefest som er med på å skape ei stressande adventstid. I dag kjem nordmenn til å handle for fire milliardar under den nye førjulstradisjonen.

Halvor Nordhaug

KUNSTIG BEHOV: – Eg er meir for at ein kjøper ting når behovet dukkar opp, ikkje når det er sal, seier biskop Halvor Nordhaug.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Ved å spele på lengselen etter eit betre og innhaldsfylt liv skapar Black Friday eit kunstig behov som kanskje ikkje er reelt.

Nordhaug har ikkje mykje positivt å seie om handledagen Black Friday.

– Slike kampanjar bidreg til meir kjøpepress. Eg trur mange i det vesle hysteriet som blir skapt rundt Black Friday tenker at dei skal gjere eit kupp og handlar ting dei ikkje treng, seier biskopen.

Det er flere som velger å gå mot strømmen på Black Friday. Marte Djupesland har valgt å stenge sin klesbutikk i Oslo.

Også i Oslo er det noen som velger å gå mot strømmen på Black Friday. Marte Djupesland har valgt å stenge sin klesbutikk i Oslo.

– Verste av tradisjonen

Mange går mann av huse for å utnytte gode tilbod når Black Friday går av stabelen. Black Friday er opphavleg ein tradisjon frå USA som finn stad dagen etter Thanksgiving.

– Thanksgiving er ein dag der familien kjem saman i takksemd. Det er ein takkefest, følgd opp av ein kjøpefest med Black Friday. I Noreg manglar vi den bakgrunnen, og har tatt med oss det verste av tradisjonen, seier Nordhaug.

Kjøpefesten startar også julehandelen, og kjem tett på advent.

– Det som i utgangspunktet var ei fastetid og ei førebuing til jula, er blitt ein kjøpefest og for mange ei uroleg og stressande tid. No har vi fått Black Friday som eit preludium til adventstida, seier biskopen.

Frontar gjenbruk

– Eg tenker at Black Friday kan føre til meir unødvendig overforbruk. Dersom ein held hovudet kaldt og kjøper noko ein faktisk treng, ting som varer lenge, og sparar pengar, er det sjølvsagt bra for mange, seier Jenny Skavlan.

Ho hevdar kjøpepresset og den mengda varer nordmenn kjøper er enormt frå før.

Jenny Skavlan i systudio

REDESIGN: Skavlan er oppteken av gjenbruk, og meiner handledagen er eit høve til å vise gode alternativ til et overforbruk.

Foto: Julia Marie Naglestad

– Vi hadde trengt tre og ein halv jordklode om alle hadde eit forbruk som oss. Opp mot jul burde vi alle òg reflektere og senke terskelen for å gi og ta imot brukte gåver.

Skalvan har i fleire år fronta gjenbruk og alternativ til Black Friday.

– I år arrangerer Tise, gjenbruksappen eg jobbar med, ei vising saman med Bergans der vi har fått elevar på Esmod til å redesigne gamle Bergans-kle til å bli nye plagg.

Ein god dag for handelen

Bror William Stende i handelsorganisasjonen Virke er samd i at Black Friday ikkje er like positivt for alle i handelsstanden.

– Mange synest det er ein utmerka dag for å skape aktivitet i butikken og på nett, men det er sjølvsagt òg mange som opplever at Black Friday er utfordrande.

Han seier handledagen er blitt godt etablert og at den kjem til å halde fram med å vere ein stor aktivitetsdag for varehandelen.

– Ein ventar å omsette om lag fire milliardar kroner. Det er ein auke frå rundt 3,7 milliardar i fjor.