NRK Meny
Normal

Birthe (19) har store (tåspiss)sko å fylle

FØRDE (NRK): Rolla som Sukkertøyfeen er det tidlegare berre danseinstruktøren som har hatt. No er det elev Birthe Brudevoll (19) sin tur.

Birthe Brudevoll er Sukkertøyfeen i Nøtteknekkaren

DANSEGLAD: Birthe Brudevoll har dansa sidan ho var 6 år. No har ho hovudrolla i eit av verdens mest kjende ballettstykker.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er nervepirrande, ler Birthe Brudevoll (19) frå Sande.

Iført lilla silketopp og ballerinaskjørt pynta med glitter og diamantar, er det lett å sjå at ho har rolla som Sukkertøyfeen i ballettframsyninga «Nøtteknekkaren».

– Det at danselæraren min, Miriam Førde, som har hatt rolla i alle åra før meg, og at eg no har fått æra av å ha den i år, det er kjempegøy, seier Brudevoll.

Det er seks år sidan Danseverkstaden saman med Førde kulturskule, samt distriktsmusikarar i fylket, sette opp ballettstykket for første gong. I år er det fjerde gongen stykket blir framført, men første gongen elevane ved Danseverkstaden sjølv har innteke alle hovudrollene.

Gått gradene

– Det er gøy å ha fått ei stor rolle og å få danse mykje. Det er litt hektisk, men eg synest likevel det er veldig kjekt, seier Amalie Vejlskov Vie (20) frå Førde.

Også ho har innteke ei av dei største rollene i stykket, som ingen av elevane ved Danseverkstaden har hatt før ho. I år skal ho vere sjølvaste Nøtteknekkaren som blir til ein prins.

Amalie Vejlskov Vie og Birthe Brudevoll øvar i garderoben

ØVAR: I fleire månadar har dei øva, men likevel går dei gjennom koreografien medan dei ventar i garderober under generalprøva. Frå venstre, Amalie Vejlskov Vie og Birthe Brudevoll.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Vejlskov Vie har vore elev ved danskeskulen sidan ho var tre år, og har vore med på alle dei tidlegare oppsettingane av ballettstykket.

– Eg har dansa både røyrfløytedansen, blomstervalsen, vore soldat, så eg har nesten vore innom alle rollene før eg fekk denne.

Inspirerer dei yngre

– Vi er veldig stolte. Det er veldig kjekt å sjå kor flinke dei er i rollene sine, seier Jorunn Reina, leiar for Danseverkstaden.

Ho trur å sjå eldre elevar i dei store rollene, motiverer dei andre elevane.

– Når vi sat og såg på gjennomgangen var det ei lita jente som sa til meg «du Jorunn, kan ikkje eg få lov til å vere Sukkertøyfeen når eg blir stor?», ler ho.

Gå til forsiden

Sjå bilete frå Nøtteknekkaren

Birthe Brudevoll og andre dansarar på Danseverkstaden

Sjå bilete frå Nøtteknekkaren

10 bilder

NRK tok bilete under generalprøva.

    Vil spreie juleglede

    Miriam Førde, regissør og koreograf for produksjonen, meiner elevane er klare til å vise fram det dei har jobba med.

    – Dei er dyktige og engasjerte, og har jobba hardt i heile haust, så gjengen er veldig klar for no å stå på scena og spreie juleglede, seier Førde.

    Vejlskov Vie er litt meir usikker.

    – Ja, vi er klare, men det er framleis litt hektisk. Det blir alltid endra på litt småting her og der. Sist eg lærte noko nytt var liksom for to dagar sidan, så det blir spennande å sjå om alt sit, smiler Vejlskov Vie.

    Jorunn Reina og Miriam Førde gir instruksjonar til elevane

    STOR GJENG: Totalt 120 unge musikarar og dansarar er med i oppsettinga av stykket. Her gir Jorunn Reina ein siste instruks til Amalie Vejlskov. Miriam Førde står på scena.

    Foto: Arianrhod Engebø / NRK
    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.