Hopp til innhold

Betydeleg snøskredfare over store delar av landet

– Det er veldig mange andre hyggelege ting å gjere, enn å reke rundt i fjellet.

Snøskred Oppdal 2

SNØSKRED: Snøskredvarslinga åtvarar mot snøskred både i låglandet og høgda. Snøskredfaren er betydeleg over store delar av landet.

Foto: privat

Den klare oppmodinga kjem frå Heidi Bache Stranden, vaktleiar i snøskredvarslinga. For det er langt frå julestemning i vêrsituasjonen ein opplever for tida.

Vaktleder snøskredvarslinga, Heidi Bache Stranden

SNØSKREDFARE: – Naturen tek ikkje omsyn til når på året vi er, og vi ser ofte at når vêret kjem frå den kanten det gjer no, så påverkar det Vestlandet og Nord-Noreg, seier Heidi Bache Stranden.

Foto: Varsom.no

I 18 av 23 snøskredregionar er snøskredfaren på oransje. Snøskredfaren er stor på Svalbard, og moderat i Lofoten og Vesterålen, Hallingdal, Vest-Telemark og Heiane.

– Det er relativt ruskete vêr mange stader, det er mildt og mykje nedbør. Vi ventar naturleg utløyste våte skred i låglandet, og tørre snøskred i høgda, seier Heidi Bache Stranden, vaktleiar ved snøskredvarslinga.

Snøskredvarsel for Noreg 5. desember 2019

SNØSKREDFARE: Snøskredfaren på Svalbard er på nivå fire, medan store delar av fastlands-Noreg har snøskredfare på nivå tre, betydeleg.

Foto: Skjermdump / varsom.no

Eit lågtrykk på vandring langs norskekysten har siste veka fått varsellampene til å blinke raudt og oransje hos både Meteorologisk institutt og NVE.

Mildvêr har gjort snødekket i fjellet ustabilt, noko som igjen har auka faren for snøskred. I Nord-Noreg har bygder vore isolerte grunna snøskred.

Torsdag føremiddag er fleire fjellovergangar i Sør-Noreg stengde som følgje av uvêr og dårlege køyreforhold.

– Vi har fått mange meldingar om middels store og større snøskred, både som har kome ned på veg og som er meldt inn på appen vår regObs, seier Stranden.

NVE ventar fleire snøskred både i dag, og i dagane som kjem. For Nord-Noreg er snøskredfaren redusert frå stor til betydeleg siste døgnet.

– Sjølv om snøskredfaren er litt mindre no, så er det framleis betydeleg snøskredfare mange stader og fare for naturleg utløyste skred, seier Stranden og seier det kan gå litt tid før faren minskar att.

– Det kan nok ta litt tid før snødekket i fjellet får stabilisert seg, så vi rår folk til å følgje med på snøskredvarselet før dei skal på tur, seier Bache Stranden.

Sjølv om vêret ikkje innbyr til det, bør folk difor vurdere nøye før dei legg ut på tur i fjellet.

– Det er kanskje ikkje det hyggelegaste vêret å ferdast i fjellet i dag, men det er krevjande. Slik det er no krevst det solid kunnskap og erfaring. Forholda er generelt ustabile, avsluttar vaktleiaren.