Hopp til innhold

Berre bilskadene kostar 10 mill.

Brannen i Gudvangatunnelen førde til skader på køyretøy for opp mot 10 millionar kroner, det viser tal frå forsikringsselskapa.

Gudvangatunnelen

TOTALSKADD: Trekkvogna på semitraileren som byrja brenne inne i tunnelen vart totalskadd i brannen. Det same gjeld for fleire bilar og campingvogner som var i tunnelen då brannen braut ut.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Det er allereie klart at alt reparasjonsarbeidet og arbeidet som krevst etter brannen i Gudvangatunnelen på E16 vil koste Vegvesenet nær 50 millionar kroner.

No er også tala frå bilistane sine forsikringsselskap klare. I den tette røyken køyrde mange inn i kvarandre og det vart store skader.

– Ein god del av bilane og campingvognene er totalskadde. I tillegg er det mange bulkeskader på bilar som måtte snu i full fart inne i tunnelen.

– Så langt reknar vi med at det er materielle skader for opp mot 10 millionar kroner, seier Stine Neverdal som er kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Dramatisk brann

5. august tok det til å brenne i ein utanlandsk semitrailer inne i Gudvangatunnelen på E16.

Brannen utvikla seg raskt og røykla heile tunnelen. Det førte til dramatiske situasjonar der bilistar som kom til frå begge sider, febrilsk forsøkte å komme seg ut.

I ettertid har det vorte karakterisert som eit under at ikkje liv gjekk tapt i brannen, og at det berre var takka vere heroisk innsats av redningsmannskap at det gjekk så bra som det gjorde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann Gudvangatunnelen

SJUKEHUS: Totalt vart over 70 personar sende til sjukehus med røykskadar etter brannen, fleire av dei var alvorleg og kritisk skadde.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Store utgifter

Brannen har ført til store utgifter for mange. Berre for Vegvesenet viser førebelse tal at prislappen blir på nær 50 millionar.

– Oppsummert vil dette komme på mellom 40 og 50 millionar kroner.

– Då er om lag 20 millionar kroner rein reparasjon etter brannen, så er ti millionar følgjeskadar grunna brannen, og ti millionar er andre arbeid som vi likevel har gjort sidan tunnelen var stengd, sa Nils Magne Slinde i Vegvesenet til NRK.no sist veke.

Aldri hatt så store utgifter knytt til ei enkelt hending

Også det lokale helseføretaket har hatt store utgifter. Helse Førde har notert seg med det største beløpet knytt til ei enkelt hending nokon sinne.

Nær 30 utanlandske turistar måtte ha helsehjelp på grunn av røykskadar. Mellom anna 24 kinesarar som sat i ein buss.

– Dette førte til ein samla kostnad på vel 835.000 kroner, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde Terje Ulvedal.

– Dei fleste utgiftene er knytt til innlegging på sjukehusa i Førde og Lærdal.

Utgiftene til helseføretaket skal bli dekka av forsikringsselskapa til turistane. Men sidan dei fleste kjem frå land utanfor Europa kan dette bli ei utfordring.

– Turistar som har europeisk helsetrygdekort, då blir det automatikk i det og direkte oppgjer mellom lande. Men er det turistar utanom Europa, så er det mykje meir arbeid for oss med oppfølging og innkrevjing av pengane.

– Er de uroa for å ikkje få inn pengane?

– Nei, det tek litt tid, men normalt sett ordnar det seg.