NRK Meny
Normal

Ber Nordsjøkommunane gå i front for reint hav

Miljøpartiet dei Grøne i Flora meiner styresmaktene tek for lite grep om plastforsøpling i havet. Dei krev umiddelbar handling.

Slik ser det ut på Kvalheim i Vågsøy no.

OPPRYDDING: Slik ser det ut på Kvalheim i Vågsøy no. Private initiativ og dugnad står for mykje av oppryddinga langs kysten i dag.

Foto: Ragnar Myre

– Ein ventar på at FN skal få på plass eit regelverk, men det er ikkje gjort på ein dag. Får vi i gang kystkommunane rundt Nordsjøen, så vil det ha ringverknadar i mange land. Vi kan ikkje lenger vente på styresmaktene, seier Martin Malkenes i Flora MDG.

Martin Malkenes, leiar, MDG Flora

TA GREP: Martin Malkenes i Flora MDG vil ha fortgang i opprydding av havsøppel. – Vi må få fiskeria og kystnæringane med på dette. Dei kan snakke med sine søsterorganisasjonar i andre land. Noko må gjerast no.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Etter at ein stranda kval på Sotra synte seg å ha magen full av plast har plastureining i havet engasjert mange. Malkenes syns likevel ikkje det er nok.

– Det er bra at folk vaknar, og vil rydde. Då må det også vere eit system som tek ansvar for avfallet. Også her i Noreg med eit relativt velfungerande avfallssystem så slit frivillige med å få levert inn plasten.

I dag er utgangspunktet at den som kastar søppelet også har ansvar for å rydde opp etter seg. Fiskebåtar skal levere inn gamalt utstyr og kvar enkelt av oss har ansvar for å kaste søppel i bossbytter og ikkje la det slenge i naturen. Held ureiningstempoet fram i same takt skriv World Economic Forum i ein rapport at det i 2050 vil vere meir plast enn fisk i havet.

– Mange av våre medlemmar slit med søppel i havet, og mange av dei vil nok sjå på initiativet med interesse. Mykje er basert på frivillig innsats i dag, og det er ikkje nok, seier generalsekretær i Nettverk for fjord- og kystkommunar, Kjell Olav Gammelsæter.

Regjeringa har teke grep

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for havmiljø og forureining. Miljøminister Vidar Helgesen har sjølv delteke i rydding av kystområda siste tida, og seier regjeringa gjer mykje for å reinske opp.

Vidar Helgesen

HAVSØPPEL: – Vi får aldri bukt med dette om vi ikkje får på plass betre internasjonale tiltak, seier Miljøvernminister Vidar Helgesen. I byrjinga av mars deltok han sjølv i rydding på Sotra.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Eg har mellom anna kome med forslag om at dei som importerer og produserer plastprodukt til havbruk og fiskeri skal ha ansvar for heile livsløpet, også når det er blitt avfall. Det er noko Miljødirektoratet skal greie ut og fått beskjed om er ei prioritert sak, seier Helgesen.

Regjeringa har også dobla pengane som går til ryddetiltak, og legg no 35 millionar kroner i potten. No har ein også forsøk med at fiskebåtar samlar inn plastsøppel og leverer det inn til hamnene, og ein vurderer å gjere dette til ei permanent ordning.

– Vi har tatt ei førarrolle for å gjere ut sterkare behov for internasjonal regulering. Det kjem også ein rapport i forkant av møtet i FN si miljøforsamling mot slutten av året, seier Helgesen.

For Malkenes går ting likevel for treigt.

– Vi må handle no. Vi håpar alle kystkommunar rundt Nordsjøen saman med organisasjonar og næringsliv i same område vil ta grep og rydde opp.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.