Vik-ordførar Marta Finden Halset er tydeleg provosert over kva statsministeren skal bruke tid på når han kjem til fylket for å få ein gjennomgang etter orkanen Dagmar sine herjingar.
– Det er uforståeleg at statsministeren under besøket skal bruke mesteparten av tida si hos Fylkesmannen, seier Finden Halset.
Ho meiner i staden at Jens Stoltenberg bør bruke tida si på folket.
Kjem etter massivt press
Både kommunalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa har allereie vore på besøk etter ekstremvêret. Dei to var på besøk i fleire av kommunane i Nordfjord, og lova då at regjeringa skulle bidra med pengar for å rydde opp etter dei store øydeleggingane.
Mellom anna er det framleis vel 200 personar i Sogn og Fjordane som enno er utan telesamband, på det meste har tusenvis vore utan både straum og telefon.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Jens Stoltenberg gav først beskjed om at han ikkje hadde tenkt å ta turen innom Sogn og Fjordane, men etter massivt medietrykk, kom kontrabeskjeden same dag.
Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arve Sandal, var mellom dei som hadde etterlyst besøk frå statsministeren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Møter kommunar, fylkesmenn og offentlege etatar
Under besøket torsdag skal Stoltenberg møte representantar frå ni stormråka kommunar, i tillegg til representantar frå dei tre fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Også Post- og teletilsynet, Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB), NVE og Helsedirektoratet skal vere med på møtet.
Dei ni kommunane som deltek er Stryn, Vågsøy, Leikanger, Sogndal, Høyanger, Voss, Radøy, Stranda og Volda.
Møtet vil bli halde på Leikanger, og etter dette skal ministeren til Høyanger der han skal møte menneske som har vore råka av uvêret.
- LES OGSÅ:
– Trist om Jens blir ein løpegut
Vik er altså blant dei mange kommunane som ikkje får møte statsministeren. Heller ikkje folk her får besøk, noko Vik-ordføraren meiner er feil prioritering.
– På vegner av innbyggjarane i Vik så synst eg det er trist at vi har vår øvste politiske leiar i nabolaget, og så skal vi ikkje få treffe han, seier Finden Halset til NRK.no.
Ho likar dårleg at statsministeren brukar tid på byråkrati i staden for å møte folk rundt om kring i kommunane.
– Det må ikkje vere slik at statsministeren skal reise rundt å vere sendebod og løpargut for byråkratiet, seier ordføraren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han når ikkje over alle
Statssekretær ved statsministeren sitt kontor, Hans Kristian Amundsen, avviser kritikken frå Finden Halset.
– Det er tre fylke som er råka, det er mange kommunar, mange bygder og desto fleire enkeltmenneske, seier Amundsen og legg til:
– Det let seg ikkje gjere å møte alle. I staden har vi eit opplegg der mange kommunar er inviterte til eit møte, og statsministeren vil også møte enkeltmenneske.
Amundsen fortel vidare at statsministeren sitt besøk er retta inn mot arbeidet som skal skje i forhold til forskjellige stortingsmeldingar som skal ut i løpet av våren.
– Dette går mellom anna på kva erfaringar og lærdom vi skal trekkje ut av dette. Då er det nyttig å møte fylkesmenn og det som her blir kalla byråkrati, seier Amundsen.
Finden Halset på si side held fast ved kritikken.
– Det eg ikkje forstår er at embetsverket skal leggje beslag på tida hans i staden for at han skal vere ute i kommunane hos folket.