Hopp til innhold

– Satellittelefonane fungerte ikkje

Orkanen «Dagmar» avdekte alvorlege feil ved satellittberedskapen. Fleire av telefonane som etter kvart kom ut i kommunane fungerte ikkje.

Ordførar Sven Flo snakkar i satelittelefonen

KONTAKT: Denne satelittelefonen var lenge den einaste formen for kontakt ordførar Sven Flo og Stryn kommune hadde med omverda.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Då telenettet gjekk ned 1. juledag vart ei rekkje kommunar heilt avhengige av satellittelefon for å halde kontakt med naudeutatar og omverda.

Men fleire av satellittelefonane som kommunane i Sogn og Fjordane etter kvart fekk tilgang på, verka rett og slett ikkje.

– Beredskapen er under ein kvar kritikk. Slik eg vurderer det har vi ikkje noko beredskap på satellittelefon, seier ein oppgitt Sven Flo.

Som øvste leiar for kriseleiinga i Stryn var ordføraren ein av mange som måtte setje sin lit til satellittelefon etter uvêret sine herjingar.

Fekk telefon som ikkje fungerte

Ordføraren i Nordfjord-kommunen feller ein streng dom over satellittelefonberedskapen etter at orkanen herja på Vestlandet og i Trøndelag i julehelga.

Satellittelefonane kom for seint fram til mange isolerte kommunar, ingen hadde kartlagt kvar det var satellittskugge, og nokre av telefonane verka rett og slett ikkje, fortel ordføraren i Stryn.

– Politiet hadde tilgang på ein satellittelefon som vi fekk sendt opp hit. Men då den kom fram viste det seg at den ikkje fungerte, då måtte vi få ein ny telefon frå Sivilforsvaret, seier Flo til NRK.no.

Etter at tusenvis av tre hadde ramla over kraftleidningane vart fleire kommunar utan både straum og telefonsamband i fleire døgn. Ei handfull bygder manglar framleis summetonen på åttande døgnet.

Dette er ikkje godt nok

Også ordførar i Selje, Ottar Nygård er mildt sagt oppgitt over det kommunen opplevde.

– Dette er rett og slett ikkje godt nok, seier Nygård og legg til:

– Dette kunne fått dramatiske konsekvensar. Det var mykje skog og kraftlinjer som var ramla ned og sperra vegane, og det gjekk godt ut på andre juledag før vegane kunne opne att. Vi har trass alt vore heldige, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

LÅG NEDE: Både straum- og telenettet vart hardt råka, spesielt i Nordfjord.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

– Fortvilande

Ordførarkollega i Hornindal, Anne Britt Øen Nygård, fekk ein satellittelefon til kommunen. Men den fungerte ikkje.

– Dermed hadde vi framleis berre jakttelefonane som vi brukte rundt om på bygda, seier ordføraren som vedgår at det vart ein tøff og vanskeleg situasjon.

– Det er klart det var fortvilande, og vi bør ha slike telefonar i kommunane, seier Øen Nygård.

Telefonen var tom for batteri

Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Håvard Stensvand seier telefonen som vart sendt til Hornindal var ein satellittelefon som vart gjort tilgjengeleg av ein privat organisasjon.

– Problemet var at når vi fekk telefonen var den tom for batteri, og i mellomtida var det blitt straumlaust rundt oss slik at vi ikkje kunne lade den. Faktisk vart det ikkje avdekka før den kom til Nordfjord at telefonen var utan straum og ikkje fungerte, seier Stensvand.

Det norske sivilforsvaret har ti satellittelefonar på lager. Alle blei sende til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal då uveret tok laus.

– Kommunane må ta eit ansvar

Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand seier at ras, stengde vegar og stengde flyplassar gjorde det vanskeleg å få levert ut telefonane raskt. Han meiner kommunane sjølve må ta eit ansvar for satellittelefonberedskapen.

– Vi har sagt mange gonger til kommunane at det å miste straum og telesamband er noko dei må rekne med at kan skje. Dei må då planlegge korleis dei skal handtere ein slik situasjon, og blant dei tinga kommunane bør vurdere, er nettopp å skaffe seg ein satellittelefon.

– Når vi veit at Fylkesmannen hadde problem med å kome i kontakt med kommunar i fleire dagar på rad, korleis vil du vurdere teleberedskapen i Sogn og Fjordane då?

– Den viktigaste lærdommen vi har fått etter Dagmar, er at den ikkje er god nok slik den er i dag, seier Stensvand.