Hopp til innhold

Arve Sandal etterlyser landsfaderen Jens som skal setje mot i folk

Jens Stoltenberg burde gjere som kong Harald gjorde etter nyttårsorkanen i '92 – spenne på seg støvlane og komme seg til Vestlandet.

Arve Sandal

VIL HA BESØK: 'Eg saknar deg desse stormfulle romjulsdagane', skriv Arve Sandal.

Foto: Arve Ullebø/Rein luksus

Det meiner banksjef Arve Sandal i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han etterlyser regjeringa sitt nærvære i sitt eige fylke.

Men statsministeren har ingen umiddelbare planar om å besøke Vestlandet.

– No kjære Jens Stoltenberg, hadde eg gjerne sett at du tok turen til Sogn og Fjordane, skriv banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arve Sandal.

Kan vi lære noko?

Under tittelen «Kjære statsminister» kjem Arve Sandal på bloggen sin med ein personleg appell til Jens Stoltenberg.

– Både for å oppmuntre og støtte oss i ein vanskeleg situasjon, men også for å lære av det som har skjedd og kva som må til for at vi til dømes kan hindre at telesambandet er ute i dagevis, seier Sandal.

Faremo hoppa over Sogn og Fjordane

Justisminister Grete Faremo i Stordal

IKKJE HIT: Justisminister vitja Stordal på Møre, men ikkje Sogn og Fjordane.

Foto: Markus Plementas / NRK

Saman med Møre og Romsdal er Sogn og Fjordane det hardast råka fylket etter orkanen Dagmar. I går var justis- og beredskapsminister Grete Faremo på synfaring på Møre. Men ho tok ikkje turen til Sogn og Fjordane.

– Eg hugsar nyttårsorkanen i 1992. Kong Harald slengde på seg støvlar og boblejakke og drog til Nord-Vestlandet for å støtte, oppmuntre og setje mot i eit hardt prøvd folk. Eg føler folk i Sogn og Fjordane, spesielt i Nordfjord, men også i heile fylket, er eit hardt prøvd folk for tida, seier Sandal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kongen

PÅ TUR: I 1995 kom kong Harald til Tretten etter den store flaumkatastrofa på Austlandet. Arve Sandal vil ha Jens Stoltenberg ut i felten.

Foto: Hval, Morten / SCANPIX

Har ringt fylkesordførarane

Statssekretær Hans Kristian Amundsen ved statsministerens konto har forståing for at folk i Sogn og Fjordane gjerne ville hatt statsministeren på vitjing.

Statsminister Jens Stoltenberg

KJEM DU?: Førebels har statsministeren ingen planar om å vitje Sogn og Fjordane.

Foto: David Krekling / NRK

–Det er lett å forstå. Situasjonen på Vestlandet er alvorleg. Regjeringa føl situasjonen tett. Statsministeren har jamn dialog med justisministeren, som samordnar arbeidet med å sikre verdiar og sørgje for at skadene blir reparert, seier Amundsen.

Men han legg til at statsministeren ikkje har konkrete planar om vitjing i fylket.

– Per no har ikkje statsministeren planar. Det viktige er at alt arbeid som kan og skal gjerast, vil bli gjort, seier Amundsen.


– Det viktige er at alt arbeidet som kan og skal gjerast, blir gjort. Både for å hjelpe dei ramma, byggje opp att infrastruktur og etter kvart reparerer skader som har oppstått. Dette er det justisministeren som leiar, seier Amundsen.

Men statsministeren har ringt fylkesordførarane, forsikrar Amundsen.

– Han har vore i direkte dialog med fylkesordførarane i dei tre mest råka fylka, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, seier Amundsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.