Hopp til innhold

Endeleg kjem Stoltenberg til Sogn og Fjordane

Statsminister Jens Stoltenberg kjem torsdag til Sogn for å få ein gjennomgang av orkanen Dagmar sine herjingar i Sogn og Fjordane.

Jens Stoltenberg holder nyttårstale

NO KJEM HAN: Statsminister Jens Stoltenberg kjem torsdag til fylket.

– Statsministeren kjem til Leikanger torsdag for å bli orientert om situasjonen etter uvêret i romjula, seier statssekreter Hans Kristian Amundsen.

Statsministeren og følgjet hans kjem til å lande på Sogndal lufthamn Haukåsen torsdag ettermiddag. Vidare går turen til Leikanger.

Det skal Stoltenberg delta på eit stort møte der representantar frå ni stormråka kommunar er til stades, samt representantar frå dei tre fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Dei ni kommunane som deltek på møtet er Stryn, Vågsøy, Leikanger, Sogndal, Høyanger, Voss, Radøy, Stranda og Volda.

Fleire statlege etatar til stades

I tillegg vil fleire statlege tilsyn og etatar vere til stades, blant anna Post- og teletilsynet, Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB), NVE og Helsedirektoratet.

Etter at møtet på Leikanger er ferdig, kjem statsministeren til å reise vidare til Høyanger der han skal møte kommuneleiinga, samt fleire av dei som vart råka av uvêret i romjula.

Til Høyanger for å treffe Dagmar-offer

– I Høyanger skal han treffe fleire menneske som har vore råka av, eller har delteke i oppryddinga etter uvêret, seier Amundsen.

Han legg til at statsministeren sjølv har hatt eit ønskje om å sjå noko av det som har skjedd, med eigne augo.

– Statsministeren følgde i romjula nøye med på utviklinga av uvêret og korleis det rørte folk i mange kommunar. Han har vore oppteken av å sett det som har skjedd med eigne auge, seier Amundsen.

Nyttige erfaringar til stortingsmelding

Han fortel at det er eit godt samarbeid mellom statsministeren og dei tre råka fylka som har fått i stand dette møtet som skal vere ei brei orientering.

– Turen er viktig for å få gode og ferske innspel etter uvêret som raste i romjula. Statministeren vil gjerne få høyre kva erfaringar som er gjort i samband med arbeidet med å rydde opp, redde verdiar, seier Amundsen.

Etter planen skal mellom anna ei stortingsmelding om samfunnssikkerheit vere ferdig til våren, og i samband med denne vil erfaringane frå orkanen «Dagmar» vere nyttige.

– Det å få dei inntrykk det er mogleg å få etter ei så opprivande hending som det stormen i romjula var, det er viktig for å sjå på kva som fungerte, kva etatar lykkast og kva må vi forbetre, seier Amundsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa

MINISTRAR PÅ TUR: Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vitja fleire stader i Nordfjord etter stormen.

Foto: Håvard Holme / NRK

Uklart om andre ministrar blir med

Det er førebels uklart om andre frå regjeringa blir med på turen til Sogn.

– Det er ikkje avklart endå, men det kan hende justisministeren blir med. Dette jobbar vi med, seier Amundsen, og legg til at det viktigaste er at statsministeren får høyre frå dei mange kommunane kva erfaringar dei har gjort seg.

– Det viktigaste er at statsministeren får høyre direkte frå kommunane kva slags inntrykk dei har og kva forventningar dei har i forhold til kva som skal komme frå statleg hald, seier Amundsen.

Statsministeren vart etterlyst

Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arve Sandal, var tidleg ute med å etterlyse besøk frå statsministeren.

Først gav Stoltenberg beskjed om at han ikkje hadde tenkt å leggje nokon tur innom Sogn og Fjordane, men etter massivt medietrykk, kom det kontramelding allereie same dag.

Frå før har samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vitja fylket.