Båt til to milliardar på jomfrutur i Sognefjorden

Ein av dei dyraste yachtane som er bygd i 2018 er på jomfrutur i Sognefjorden i jula. – Noko vi vil sjå meir av, trur hamnesjefen i Flåm.

«Bravo Eugenia»

DYR BÅT PÅ TUR: «Bravo Eugenia» låg torsdag for anker i Amlabukta i Kaupanger. Der blei reisefølgjet henta i lettbåt før turen gjekk vidare i drosjer.

Foto: Tove Ness

I romjula har superyachten «Bravo Eugenia» segla sin jomfrutur på Sognefjorden. Båten er eigd av amerikanske Jerry Jones og har ein prislapp på to milliardar.

At ein slik båt vitjar Vestlandet på den mørkaste tida av året, har ikkje direktøren i Fjord Noreg opplevd før.

– Det er første gong eg høyrer at ein slik båt er på besøk på denne tida av året. Dette er med på å fortelje mange andre eksklusive kundar at det finst heilårsturisme her, seier Kristian Jørgensen.

Den nybygde yachten er 109 meter lang, har sengeplass til 14 gjester og eit mannskap på opp til 20 personar. Skipet er bygd i Nederland.

Det var Bergens Tidende som først fortalde om det eksklusive yachtbesøket til Vestlandet.

FBN-SPO-DALLAS-COWBOYS-V-INDIANAPOLIS-COLTS

MILLIARDÆR: Jerry Jones er ifølgje amerikanske kjelder god for om lag sju milliardar dollar, eller nær 60 milliardar norske kroner.

Foto: Joe Robbins / AFP

Den 76 år gamle båteigaren Jerry Jones er ein kjend skikkelse i amerikansk idrett, ikkje minst som tidvis omstridd eigar og toppsjef i fotballaget Dallas Cowboys.

Ifølgje avisa Firda var reisefølgjet i Nærøyfjorden 1. juledag og besøkte Vikinglandsbyen og dei har også reist med Flåmsbana.

Trur «yacht-verda» følgjer med

Assisterande hamnesjef i Aurland, Jon Olav Stedje, er særs nøgd med at Jones valde å leggje jomfruturen sin til Sognefjorden og verdsarvområdet i Aurland.

Han trur det kan gjere at fleire yachteigarar vil besøke fjorden i vintersesongen.

– Når ein av dei dyraste yachtane som er bygd i 2018 kjem hit, så følgjer resten av «yacht-verda» med. At dei kjem hit no på vinteren gjer det sannsynleg at vi kan oppleve fleire slike besøk.

– Når ein ser på korleis yachtbransjen utviklar seg, så blir det no bygd stadig fleire yachtar som kan gå i kaldare strøk, seier Stedje.

– Ikkje eit mål med fleire superyachtar

Kristian Jørgensen i Fjord Noreg trur også at merksemda rundt superyachten vil føre til fleire slike besøk. Og eksklusive gjester som dette gir pengar i kassa til dei lokale aktørane.

– Slike kundar er gode til å nytte seg av dei opplevings- og servicetilboda som finst, seier han.

Likevel meiner Jørgensen at det ikkje er eit mål å få fleire superyachtar til fjordane.

– Det er flott å få storfint besøk, men først og fremst er det dei reisande som brukar offentleg transport vi ønskjer fleire av. Det er meir berekraftig, seier han.

Jerry Jones sin yacht «Bravo Eugenia» på jomfrutur i Sognefjorden

VESTLANDSTUR: Superyachten er på jomfrutur i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK-tipsar