– Det blir ikkje vakkert, seier Eirik Bakke om returoppgjeret i Trondheim på laurdag.
- Slik var kampen:
Publikum var best
Dersom det hadde blitt delt ut stilkarakterar denne kjølige novemberkvelden i Sogndal, hadde det neppe blitt 5 x 20 til heimelaget. Feilpasningane sat laust, og dei lukkast ikkje med å ta innersvingen på gjestene frå Trøndelag. I staden var det trønderane som var det førande laget før pausen.
Sogndal Fotball lova vekk 50 000 kroner til den skuleklassen eller organisasjonen som
på tribunen. Det fekk folk på kamp, og nesten 5000 tilskodarar trassa minusgradene og laga ellevill stemning på Fosshaugane Campus. Men det Sogndal leverte på bana stod ikkje i stil til det publikum leverte på tribunen. Laga gjekk til pause med 0–0 etter ein omgang der Ranheim var det beste laget.Etter kvilen løfta Sogndal seg, og Ole Martin Rindarøy sende heimelaget i leiinga etter 52 minutt. Ranheim pressa mot slutten, men Sogndal stod solid bakover. Laurdag er det returoppgjer i Trondheim, ein kamp Bakke spår blir ei knallhard batalje.
– Det blir krig, men det blir spanande. Me må opp nokre hakk frå i dag. Heldigvis har me eit par dagar på å fiksa det. Me er i førarsetet, og sjølv om me helst skulle hatt eit mål til, seier Bakke.
Birkelund ut med skade
Eit skår i gleda var at Eirik Birkelund måtte ut med ei kneskade tidleg i første omgang. Han hinka ut frå garderoben på krykker etter kampen, og bergensaren er ferdig for sesongen.
– Det var leddbandet eller eit eller anna i kneet. Han er uansett ute på laurdag, så det gir oss ei ny utfordring på midtbana, seier Bakke.
Han rosar publikum i årets siste heimekamp.
– Stemninga var heilt enorm. Dei hjelpte oss fram til siger på dag der ikkje alt fungerte. Eg greidde nesten ikkje å snakka til spelarane ute på bana. Det var viktig for oss å ha dei i ryggen i dag, seier han.
Ranheim gler seg til laurdag
Ranheim-spelar Øyvind Storflor skulle gjerne hatt med seg eit mål heim att til Trondheim, men ser likevel fram mot returoppgjeret laurdag med optimisme.
– Det er eit brukbart resultat, men me ville jo ha mål. Me er fullt på høgde med Sogndal, så me gler oss til dei kjem til Trondheim
– Me skal vera hakket betre enn i dag. Då scorar me eit par mål og held nullen, og då er me oppe, avsluttar han.