– Alt dreiar seg om å få fylla tribunen og laga best mogleg stemning på tribunen, så det blir kjekt å vera der både for dei som ser på og dei som spelar, seier Svein Olav Haugen i Sogndal Fotball.
Dei deler ut gratis billettar til alle skulane i Luster og Sogndal.
– Me ha sponsa skulane ved hjelp av sponsorar i kommunane deira. Me har også sendt nokre billettar til Balestrand og Firda VGS, så også dei skal vera med å kjempa om pengepremien.
Forventar 4000
Haugen forventar godt oppmøte og stor stemning under morgondagen sin kamp.
– Dei siste to kampane har det vore kring 3500 frammøtte. No vil me prøva å toppa det, og det ser ut til at me skal greie også.
Personleg er han er spent før kampen.
– Det betyr veldig mykje for oss å berga plassen, og det er viktig både for klubben og Sogndal som bygd.
God stemning
Han presisterar at det ikkje handlar om volum og tal på personar når skuleklassar og organisasjonar møter opp på tribunen for å heie.
– Her blir det teke høgde for kven som blir lagt merke til. Ei lita gruppe på gjere like mykje som 70 saftkokarar. Det handlar om lyd og aktivitet frå tribunen, og eg veit om skular som er godt i gang med å lage slagord. Stemninga på tribunen blir det aller viktigaste, understrekar Haugen.
Kva skule eller organisasjon som vinn 50 000 kroner blir kåra av ordføraren i Sogndal og ordføraren frå ein av nabokommunane.