Hopp til innhold

– Vi går for siger. Vi kan ikkje gje oss no!

– Vi greidde å nullstille oss førre veke, så no må vi klare det igjen, seier trenar Eirik Bakke før kampen mot Levanger.

Eirik Bakke

VIL TA POENG: Sogndal skal ha full tenning når dei møter Levanger på bortebane søndag. Trenar Eirik Bakke skal mane karane til eit realt siste slag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

PS: NRK kjem med reaksjonar på sesongens siste kamp utover ettermiddagen.

Vi må berre gå på før siste kamp. Eg må prøve å få gutane opp. Vi går for siger. Sjølv om alt er avgjort er det moro å vinne kampar, seier trenar Eirik Bakke frå eit bussete på veg nordover til Levanger.

Søndag klokka 13 møter Sogndal eit lag, Levanger, som kjempar med nebb og klør for å bli i 1. divisjon. Før kampen søndag har laget 33 poeng, likt som Bryne, men har betre målforskjell og ligg difor eitt hakk over roglandslaget som kjempar for å halde seg over nedrykksstreken.

Heimelaget vil kjempe

– Levanger er gira. Dei har vunne tre kampar på rad, og kjempar for å halde seg i tabellen. Dei kjempar desperat og vi veit korleis det er å møte slike lag. Det blir tøft.

Sogndal tapte tidlegare i år mot Levanger på heimebane. Men etter det har mykje endra seg for Sogndal.

Trass i at Sogndal sikra seg opprykk til Eliteserien då det stod att tre kampar, er trenar Eirik Bakke innstilt på at laget skal til trøndelag for å vinne kampen.

– Vi må berre gjere jobben vår og få skikkeleg trøkk. Vi greidde å nullstille oss førre søndag så vi får tru vi klarer denne også.

Rune Bolseth

IKKJE KLAR: Rune Bolseth stiller ikkje til kampen mot Levanger.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bolseth stiller ikkje

Før søndagens kamp er Viktor Grodås ute med tre gule kort. I tillegg er ikkje Rune Bolseth klar heller.

– Nei han har ikkje fått trent skikkeleg i det siste, så no får gamlefar kvile litt, humrar Bakke. Men legg raskt til at Bolseth har gjort jobben tidlegare i år.

– Vi får håpe vi klarer å sleppe ned skuldrene og spele god fotball. Vi må få ut det siste no. Det vil gjere godt, så vi går for tre poeng, seier Bakke.