Hopp til innhold

Bakke held fram i Sogndal: – Eg kjem til å snakke meir frå levra i tida som kjem

Trass i ein turbulent sesong med konfliktar og varierande resultat, er Sogndal-trenaren klar på at han ønskjer å fortsette.

1 divisjon fotball Start - Sogndal.

MOTIVERT: Sogndal-trenar Eirik Bakke er klar på at han ønskjer å halde fram som trenar for klubben. – Eg vert nok ærlegare framover, seier han.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Motivasjonen er absolutt til stades. Det er ein utruleg spanande gjeng på veg opp no, seier Bakke til NRK.

Sesongen er over for Bakke og Co etter at Sogndal tapte 1–0 mot Kongsvinger i kvaliken til Eliteserien, i helga. Tapet betyr at nok ein sesong i 1. divisjon ventar for sogndølane.

Trass i at trenaren tidlegare i haust sådde tvil om han ønskte å vere med vidare, er han no klar på at han ønskjer å halde fram også til neste sesong.

– Kom feil ut

Det har storma rundt Sogndal denne sesongen. Først valde Terje Rognsø å trekkje seg som dagleg leiar etter berre fire månader i klubben. Deretter vart det kjend at klubben sleit med store økonomiske utfordringar. Etter ein sesong med varierande sportslege resultat har også publikumstala svikta.

All motgangen og kritikken gjorde at det til slutt vart nok for Bakke, som etter 4–0-sigeren i haust tok til orde mot det han kalla ein «mobbekultur» i Sogndal.

Bakke sa og at han vurderte si eiga framtid som Sogndal-trenar. Dette til trass for at han berre nokre veker i førevegen hadde skrive under på ein ny kontrakt med klubben.

– Det hadde sitt utspring i hjartet, der eg smeller til litt. Eg ønskte å uttrykke at me treng støtte.

Det var aldri intensjonen å så tvil om eiga framtid, seier han.

– Det vart sagt litt i ein bi-setning. Det kom litt feil fram.

Men sjølv om at han følar at ting vart feil framstilt, så er trenaren klar på at han kjem til å vere enda tydelegare i framtida.

– Det kan hende eg kjem til å vere ærlegare framover. Eg trur eg må seie det eg meiner i augeblikket, i staden for å brenne inne med ting, seier han.

Får full støtte frå leiinga

Leiinga i Sogndal var i etterkant av utsegnene klare på at dersom Bakke skulle halde fram, måtte motivasjonen vere på plass. Dagleg leiar Rasmus Mo er klar på at Bakke har full tillit frå leiinga, etter enda sesong.

– Det er ingenting i motivasjonen til Eirik som me stiller spørsmålsteikn ved no. Utsegna til Eirik kom i kampens heite, og så kan man jo diskutere kor fornuftig innhaldet var, seier han.

Med ein økonomi i betring, og ein ung lovande stall på veg opp, meiner Mo at det meste no ligg til rette for at neste sesong kan verte mindre turbulent.

– Det laget fekk til med dei utfordringane som har vore her i år, er ein stor prestasjon. Det skal me byggje vidare på i 2020.