Bakke med sterkt oppgjer mot heimbygda: – Folk vil ikkje klubben vel

SOGNDAL (NRK): Sogndal-trenar Eirik Bakke er lei nettmobbing og hets i bygda. No vurderar han å gje seg etter sesongen.

Eirik Bakke på Fosshaugane 21. oktober 2019

TEK OPPGJER: Eirik Bakke har vore Sogndal-trenar sidan 2011. No kritiserer han folk i fotballbygda for at dei ikkje kjem på kampane. Sogndal ligg an til å klare kvalikplass i 1. divisjon.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg prøvar å møte folk med eit smil, men eg treng avogtil ei klapp på skuldra, framfor å få eit stikk i ryggen, seier Bakke til NRK.

Etter 4-0-sigeren over Jerv i 1. divisjon søndag tok Bakke bladet frå munnen i eit intervju med Sogn Avis. Han kom med sterk kritikk av manglande publikumsoppslutning og det han meiner er ein ukultur i bygda.

– Må ha med meg folk

Det var glissent på tribunen då Sogndal slo Jerv i 1. divisjon søndag, og det er ikkje lenger slik at folk går mann av huse for å sjå dei lokale heltane kjempe i den nest høgste ligaen i Noreg.

– Det ser ikkje slik ut, og det er det eg skrik litt etter no. «Eit folk står samla» er ein av songane vi har og me må samla oss no. Så må eg seia det meiner og har på hjarta, slår Bakke fast.

Han skreiv nyleg under på ein ny 2-årskontrakt med Sogndal Fotball, men er tydeleg på at noko må skje med fotballkulturen og oppslutninga om han skal bli verande som hovudtrenar i klubben.

– Eg har vore trenar i fem år. Eg brukar ikkje to-tre år til av livet mitt på å berre vera her. Eg vil kjempa for at me skal opp att. Det greier eg ikkje aleine, eg må ha med meg alle rundt meg, seier Bakke til NRK.

I miljøet rundt klubben har utspelet til Bakke i Sogn Avis vekt oppsikt, ikkje minst fordi han slår fast at det ikkje er sikkert at han blir sitjande som trenar for all framtid.

Støttar Bakke

Supporterleiar Vidar Vadset blei sett ut då han leste utspelet frå Eirik Bakke. Han er ikkje med på at sogndølane er sutrete og sure på Bakke og laget

– Det får stå for han si rekning. Eg trur ikkje interessa er lågare sjølv om det er mindre folk på tribunane, seier Vadset.

Han er likevel samd med Bakke i at folk bør støtte opp om laget med å kome på stadion når det er heimekamp. Han trur også det er behov for å få nytt blod inn i laget, utan at Eirik Bakke behøver å gå av som hovudtrenar.

Eg trur folk etterlyser noko eksternt på Fosshaugane, ein person som kan kome inn og sjå ting med nye auge. Eg er litt redd for at vi går oss inn i ei blindgate om vi ikkje søker ekstern kunnskap og ekstern hjelp.

– Støttar du Bakke som trenar?

– Eg stiller meg heilt og fullt bak Eirik Bakke som trenar, men vi må få inn ekstern hjelp.

– Me må vera stolte

Sjølv har Bakke tru på at Sogndal skal klare å ta seg til toppen i norsk fotball igjen, så snart som mogleg. No ligg dei på kvalikplass i 1. divisjon, og har ein lang veg å gå før det eventuelt blir eliteserie igjen på Fosshaugane.

Men trass krasse utspel om sutring og manglande støtte ser Eirik Bakke lys i mørket, ikkje minst fordi dei har mange unge spelarar på veg opp.

– Me må vera stolte, fotballen har vore samlande før, og det må den bli igjen. Det er mange spanande gutar som kjem her. Til sjuande og sist vil alle ha Brann og Rosenborg tilbake til Fosshaugane.