Hopp til innhold

Arve skal føre arven vidare

SKJOLDEN (NRK): Han fekk jobben ingen skulle tru at nokon andre kunne gjere. No skal Arve Uglum (40) føre arven frå Oddgeir Bruaset vidare.

Arve Uglum ny programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

NY I JOBBEN: Arve Uglum er den nye programleiaren for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg føler at eg har lært mykje om Norge dette året. Eg har fått sett og blitt kjend med stader som eg aldri i verda hadde reist til om eg ikkje skulle lage dette programmet. Det er eg takksam for.

Sogndølen Arve Uglum kikkar ut over Lustrafjorden, heilt inst i Sogn. Her har folk bygd og budd i uminnelege tider, også slekta til den nye programleiaren for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

– Å lage programma er krevjande og vanskeleg og ein stor jobb. Men den største jobben er å finne folka, det er det ingen tvil om, seier Uglum.

Seks nye program i haust

Men å finne dei rette folka har han og fotograf Torje Bjellaas klart. Seks rykande ferske program i den populære TV-serien er klare. I det første programmet tek dei sjåarane med til Tangenes i Solund.

– Vi har jo lyst å syne fram folk som lever eit interessant liv og som kan formidle det, det er det som skal til. Eg er veldig nøgd med dei vi fann.

Forgjengaren gler seg

Oddgeir Bruaset (70) var mannen som skapte serien, og som vart krona for den innsatsen med ein enorm sjåaroppslutnad.

Han gler seg til å sjå dei nye programma som programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas har laga. Førebels har han sett ein av episodane.

– Det er i same ånd som eg har prøvd å lage programma i. Det er gjort veldig fint, og det poetiske i kommentarane til Arve set eg veldig stor pris på, seier Bruaset.

Oddgeir Bruaset

HAR GÅTT AV: Oddgeir Bruaset laga 72 program i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. No er han pensjonist.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Vonar folk vil like programmet

Når det no nærare seg nypremiere for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så forsikrar Uglum at det ikkje skjer heilt utan nervar.

– Det har ikkje vore ein kveld eg har lagt meg utan at eg har tenkt på dette programmet sidan oktober i fjor. Når ein har lagt ned så mykje arbeid i noko, så håpar jo ein at folk set pris på det.

Trude Søilen og Pål Ryland på Tangenes

FØRST UT: Pål Ryland og Trude Søilen tok med seg døtrene og flytta frå Bergen til Tangenes i Solund.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Får nesten dårleg samvit

Det er hardt arbeidande folk med beina godt planta på jorda sjåarane vil få møte i dei nye episodane.

– Det er folk som har funne ut kva dei vil med livet, og som stort sett har det godt med seg sjølve, lagar god mat om kveldane og kosar seg. I tillegg til at dei jobbar lange dagar.

– Kunne du levd slik sjølv?

– Eg får nesten litt dårleg samvit fordi eg bur i bustadfelt, når eg ser korleis dei lever dei som er med i desse programma.

(Der ingen skulle tru at nokon kunne bu) Norsk dokumentarserie. Snart er bilveien til Tangeneset i Solund kommune ferdig. Livet skal forandres for alltid for Pål Ryland, Trude Søilen og de tre døtrene Sunniva, Ingeborg og Oda. De gleder seg, men etter hvert som veien kommer nærmere, merker de en viss bismak. Livet på verdens ende var nemlig ikke så ille som bergensfamilien trodde.

FLYTTA LANGT VEKK: Trude Søilen og Pål Ryland får sjåarane møte i det første programmet. Dei tok med ungane og flytta til Tangenes i Solund.