Hopp til innhold

Arbeidarane sprang unna raset

Ein kranbil vart treft då det i går rasa ned stein ved Midnestunnelen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Ras trefte kranbil

TREFTE BILEN: Ein del av steinane som kom ned vart liggande inntil kranbilen.

Foto: Statens vegvesen

Det pågår sikringsarbeid på staden, og dei var i ferd med å bore for å sette opp eit fanggjerde då nokre steinar losna i ei steinrøys over vegen.

Anleggsarbeidarane kom seg unna, fortel prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

– Dei som opererte krana var i nærleiken. Då dei merka at det tok til å røre seg over dei kom dei seg heldigvis bort frå raset.

Jens-Ivar Nilsen

– UTFORDRANDE OMRÅDE: Prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen.

Foto: Heidi Ravnestad / Statens vegvesen

– Var det mykje skade på bilen som vart treft?

– Det har vi ikkje fullt oversyn over enno. Det skal ryddast rundt bilen i dag. Men eg reknar med at det er noko skade.

Vegen var stengd nokre timar torsdag inntil ein geolog hadde vore på staden og vurderte det som trygt å opne att.

Rasfarleg område

Nilsen seier at det er eit utfordrande område å arbeide i.

– Det er difor vi er der, for å sikre mot ras.

Han reknar med at arbeidet skal vere ferdig i slutten av november.

Natt til laurdag og natt til søndag blir fylkesveg 53 stengd på staden på grunn av arbeid som skal utførast.

Bremborg og Midnestunnelen i Årdal

RASFARLEG: Statens vegvesen held på med å sikre fylkesveg 53 mot ras ved inngangen til Midnestunnelen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK