Hopp til innhold

Ap med intern mobilisering for Stad skipstunnel

Arbeidarpartitoppar frå kyst-Norge startar ein offensiv i ege parti for å skaffe støtte for Stad skipstunnel.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

TUNNEL: Tunnelen er opphavleg planlagt mellom Kjøedepollen og Moldefjorden, med ei lengde på 1 700 meter.

Foto: NORDWEST3D

Tysdag hadde stortingsrepresentant Svein Gjelseth frå Møre og Romsdal invitert partifellar frå Nordland og Troms til Selje for å sjå og høyre om planane.

Hjelseth vedgår at dette er ledd i ein offensiv i eigne rekkjer.

– Det er veldig viktig for oss no å ha gode kort på hand i høve til dei som bur inne i landet og kanskje ikkje har så godt kjennskap til kysten, leida eller det som skjer her, seier han.

– Nasjonalt prosjekt

Saka om Stad skipstunnel har pågått i mange, mange år og ligg framleis i departementet. Utgreiing nummer 18 er venta før sommaren, og så langt har mange sett på som eit prosjekt for Vestlandet, og mest nordvestlandet.

Bendiks Arnesen, leiar for Troms sin Ap-benk på stortinget, er klar på at tunnelen må vere eit nasjonalt prosjekt.

– Her må heile kysten samle seg bak prosjektet. Etter mitt syn er det eit nasjonalt prosjekt. Det er i høgaste grad eit miljøprosjekt og det er eit prosjekt som handlar om verdiskaping, seier han.

Skal overtyde

Håpet med kystoffensiven i Arbeidarpartiet skal overtyde tvilarane i eige parti.

– Det er ikkje nokon som har sagt nei til prosjektet, og eg føler at vi er inne i ein modningsprosess. Men no meiner eg at kystens folk bør gå i bresjen både for å få fortgang i både klargjering av prosjektet og igangsetjinga, legg Arnesen til.

– Betyr veldig mykje

Meldinga om intern Ap-offensiv blir godt motteken hos tidlegare styreleiar i Stad skipstunnel, Jan Helgøy.

– Nettopp at dei to sterke fylka der oppe, som er sterkt representert når det gjeld Arbeidarpartiet, er så pass glødde for å mobilisere kring dette betyr veldig mykje, seier han.