Hopp til innhold

– Folk fauk veggimellom og det var noko heilt ekstremt som trefte oss

Det vart i overkant dramatisk for passasjerane på Hurtigruta då den torsdag morgon passerte Stad. – Folk fauk veggimellom og det var heilt ekstremt!

Det fortel NRK-reporter Asgeir Reksnes som var om bord i hurtigruta «Kong Harald» då den i dag tidleg passerte det mykje omtalte Stadhavet. Reksnes fortel om eit forferdeleg ruskevêr i området og at båten plutseleg la seg langflat over på sida.

– Då båten var i ferd med å dreie nordover kom det tre veldige bølgjer. Det må vere dei største bølgjene eg har sett i heile mitt liv, seier Reksnes.

Sjølv måtte han klamre seg fast til eit bordbein der han vart liggjande medan båten kjempa mot bølgjene.

Frykta britisk turist vart skadd

Reksnes var saman med NRK-fotograf Ole Andre Rekkedal på panoramadekket då dei veldige bølgjene slo inn mot båten. Det var sterke krefter i sving fortel dei to som begge måtte klamre seg fast for å ikkje bli kasta vegg i mellom.

– Alle bord, stolar og andre ting hamna i ein stor vase nedst i salongen. Også folk vart kasta veggimellom, fortel Reksnes.

Medan han klamra seg fast til eit bordbein høyrde han ropa frå ein av passasjerane som hadde blitt kasta inn i røysa med møblar. Den britiske passasjeren fortalde at han hadde smerter og trudde sjølv at han hadde brote eit ribbein.

Det viste seg at briten ikkje hadde brote noko.

(Artikkelen held fram under biletet)

Materielle skader på Hurtigruta etter at skipet blei treft av store bølgjer

KNUST: Denne baren likna ikkje seg sjølv etter at Hurtigruta vart treft av dei store bølgjene.

Foto: NRK/Ole Andre Rekkedal

– Dette er slikt som kan skje

Då NRK snakka med kaptein Tom Rune Einarsen like før klokka 10 hadde han ikkje spesiell god tid til å la seg intervjue. Skipet var då framleis på veg forbi Stad.

Kapteinen fortalde at slike enorme bølgjer treff skipet frå tid til annan.

– På Stadhavet kan så mangt skje, men det var ikkje noko spesielt grov sjø i dag. Men av og til får vi slike bølgjer som er betydeleg større enn dei andre, seier Einarsen.

Han seier alle passasjerane har det bra og at dei blir godt ivaretekne.

– Maten ligg strødd utover

Asgeir Reksnes

PREGA: NRK-reporter Asgeir Reksnes seier det var mange av passasjerane som var bleike om nebbet etter episoden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I tillegg til skadane på panoramadekket gjekk dei kraftige bølgjene også hardt utover både restauranten og resepsjonen på skipet.

– Det ligg papir, rusk og rask overalt i resepsjonen. I restauranten ligg det enorme mengder med mat strødd utover, seier Reksnes.

Ingen har førebels oversikt over kva skader som har skjedd på bildekk. Det gjekk føre seg ved 10-tida ei storstila opprydding om bord.

– Eg har sett ein del passasjerar som er ganske bleike om nebbet. Det same gjeld også for ein del tilsette på båten, seier Reksnes.