Lei hemmeleghald om skipstunnel

Forkjemparane for Stad skipstunnel er lei hemmeleghald og krev svar frå regjeringa. No vil dei vite om skipstunnelen samfunnsøkonomisk nyttig eller ikkje.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

NYTTIG ELLER IKKJE: Forkjemparane vil ha eit klart svar, er Stad skipstunnel samfunnsøkonomisk nyttig eller ikkje?

Foto: NORDWEST3D

I over eitt år har det blitt arbeida med å kvalitetssikre den 17. utgreiinga om skipstunnelen. Den er no ferdig, men regjeringa har ikkje offentleggjort dei viktige samfunnsøkonomiske utrekningane som kan vere avgjerande for om tunnelen vert bygd.

Det gjer forkjemparane frustrerte og leiar i prosjektgruppa for Stad skipstunnel, Kristin Maurstad krev svar. Ho vil ha ei offentleggjeringa av kva ein har kome fram til snarast.

– Eg vil ha svar på om tunnelen blir rekna for å ha positiv samfunnsnytte eller ikkje, seier Maurstad til NRK.no.

I tvil om båtane vil treffe holet

Etter å ha venta på den siste utgreiinga i over eitt år, vart det eit slag i magen for forkjemparane av skipstunnelen då det var klart at det no er duka for ei 18. utgreiing.

Etter 25 år med utgreiingar er fiskeriministeren nemleg i tvil på om båtane kjem seg gjennom holet i dårleg vêr.

– Det har med å gjere om båtane faktisk treff holet, eller straumforhold eller bølgjeforhold, både utanfor og inni tunnelen, seier fiskeriministeren Lisbeth Berg-Hansen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Krev klart svar frå regjeringa

Kristin Maurstad

SVAR: Kristin Maurstad som er leiar i prosjektgruppa for Stad skipstunnel vil ha svar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dette kjem overraskande på forkjemparane som har trudd at det er den samfunnsøkonomiske nytteverdien som har vore mest kritisk for å få tunnelen bygd.

Mange sjøfolk og andre som kjempar for bygging av skipstunnelen meiner regjeringa eigentleg ikkje vil byggje noko tunnel i det heile teke.

– Stad skipstunnel ligg inne i dagens Nasjonal Transportplan med ei startløyving, men med den føresetnaden at tunnelen er samfunnsøkonomisk nytte. Dette må vi no få eit svar på, seier Maurstad.

Kystverket har to gonger laga rapportar om nytteverdien av ein skipstunnelen gjennom Stadhalvøya. Den eine gongen med positivt forteikn, medan dei vel tre år etter kom fram til at tunnelen ikkje var samfunnsøkonomisk lønsam.

– Eg veit ikkje noko om dette i dag

Denne rapporten har no vore til kvalitetssikring hos eksterne konsulentar i eitt år. Deira rapport er sendt over til Fiskeri- og kystdepartementet, men fiskeriministeren vil ikkje seie noko om kva den seier om samfunnsnytta til tunnelen.

Bjørn Lødemel

UAKSEPTABELT: Bjørn Lødemel som sit på stortinget for Høgre støttar forkjemparane som krev svar.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Det veit eg ikkje noko om i dag. Men på generelt grunnlag vil eg seie at dersom vi berre skal byggje det som reknast som samfunnsøkonomisk nyttig, så er det nok mange prosjekt som ikkje ville blitt bygde. Dette er ei totalvurdering, men når det gjeld Stad skipstunnel så kjenner eg ikkje dei reknestykka i dag, seier Berg-Hansen til NRK.no.

– Dette er uakseptabelt

Men dette svaret er ikkje god nok meiner forkjemparane som krev eit klart svar. Dei får støtte frå stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre.

Han meiner det er uakseptabelt med hemmeleghald.

– Dette er ikkje akseptabelt i det heile teke. Viss ikkje desse tala og analysane er ferdige, så må ein få kjennskap til det. Eg kjem til å stille spørsmål i spørjetimen, der eg vil krevje svar på kor tid rapporten er ferdig og om dei kan offentleggjere det som går på samfunnsøkonomiske konsekvensar, seier Lødemel.