NRK Meny
Normal

Grunneigarane vil ha kranglesak om kraftlinje til Høgsterett

Ei av dei største konfliktsakene i samband med utbygging av kraftlinjer i Norge har involvert alt frå sinte statsrådar til rasande grunneigarar. No kan saka havne i Høgsterett.

Myklebustdalen

LINJESTRID: Kraftlinja mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn går no gjennom naturreservatet i Myklebustdalen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det er nettstaden Europower.com som melder no i ettermiddag at ein av dei største stridane i norsk kraftlinebygging kanskje får ein ny runde i rettsapparatet.

Tidlegare i sommar slo Gulating lagmannsrett fast at dei ikkje ville behandle ei ankesak om bygginga av kraftliner i naturreservatet i Myklebustdalen i Bremanger.

Dette slår grunneigarane i dalen seg ikkje til ro med, og har fremja saka for Høgsterett, sjølv om kraftlinja er ferdigbygd og blei teken i bruk i 2016.

Ministeren endra traseen

Til Europower seier grunneigarane sin advokat, Bjørn Tore Steffensen, at han ikkje kommentere innhaldet i anken dei no har sendt.

– Av respekt for Høgsterett sitt arbeid med å vurdere den, får vi avvente utfallet derfrå, seier advokaten.

Til NRK legg Steffensen til at han ikkje finn det naturleg å kommentere anken før ankeutvalet har avgjort om Høgsterett verkeleg vil ta saka opp til behandling.

Det har i ei årrekkje vore ein betent strid mellom fleire grunneigarar i Myklebustdalen og Statnett. Det toppa seg då dåverande energiminister Ola Borten Moe (Sp) greip inn i saka og endra den planlagde traseen for linja.

Det blei hevda den gongen at påtrykk frå lokale partifellar var årsaka, og Borten Moe truga med søksmål for ærekrenkingar.

Ola Borten Moe

BLEI FORBANNA: Ola Borten Moe greip inn i den omstridde saka, og blei skulda for kameraderi. Det reagerte han svært sterkt på.

Foto: NRK

Fekk byggje likevel

I 2014 vann grunneigarane fram i lagmannsretten fordi retten meinte då at det ikkje var lov å leggje kraftlinja i naturreservatet.

Då stoppa Statnett bygginga. Men regjeringa endra reglane for reservatet, og linja kunne byggjast likevel. Dette reagerte grunneigarane sterkt på og det har vore fleire rundar i rettsvesenet fram til 2017.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.