Hopp til innhold

Trugar kraftline-motstandarar med søksmål

Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe trugar grunneigarar i Myklebustdalen i Bremanger med søksmål for ærekrenkingar i samband med skuldingar om korrupsjon.

Sp-nestleder Ola Borten Moe

SINT: Ola Borten Moe meiner seg utsett for ærekrenkingar og vurderer søksmål mot grunneigarar i Myklebustdalen i Bremanger.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Konflikten mellom grunneigarene i Myklebustdalen i Bremanger og Ola Borten Moe er ytterlegare tilspissa etter at den tidlegare olje og energiministeren no trugar grunneigarane med sivilt søksmål.

Til magasinet «Energi» skriv han mellom anna følgjande i ei tesktmelding: «Jeg vil fortløpende vurdere hvor grensen går for hva som kan aksepteres av injurierende påstander fra grunneierne i Myklebustdalen. Løgn og falske påstander er ikke greit, selv om de fremmes mot en offentlig person.»

Harde skuldingar

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

KRITISK: Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust meiner tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe har gjort ein elendig jobb i samband med at han bestemte seg for å leggje kraftlina gjennom dalen deira.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Grunneigarane i Myklebustdalen har i lengre tid kome med harde angrep mot Borten Moe etter at han omgjorde eit tidlegare vedtak og avgjorde at den store kraftlina mellom Ørskog og Fardal skal gå gjennom Myklebustdalen.

Det er så mykje løgn, fusk og fanteri i denne saka at vi kan ikkje la den gå.

Ole Jonny Myklebust Elde

I artikkelen i "Energi" skuldar dei to grunneigarne Ole Jonny Myklebust Elde og Lars Endre Myklebust Borten Moe langt på veg for korrupsjon. I artikkelen blir Eide mellom anna sitert på følgjande: "Det er så mykje løgn, fusk og fanteri i denne saka at vi kan ikkje la den gå. Prosessen i departementet er tvers igjennom kurrupt".

– Meiner du det er utbetalt pengar, spør journalisten i magasinet Energi?

– Nei, korrupsjon kan også vere å gje fordelar til folk du kjenner. Det har skjedd her, seier Lars Endre Myklebust til magasinet.

Grunneigarane meiner Morten Mo flytta kraftlina vekk frå Førdedalen og over til Myklebustdalen fordi Sp-ordføraren i Bremanger bur nettopp i Førdedalen.

Opprørt Borten Moe

Borten Moe fortel at han vurderer om han skal saksøkje grunneigarane for injuriar.

Grunneigarane i Myklebustdalen må byrje å oppføre seg som folk.

Ola Borten Moe
Ola Borten Moe

OPPRØRT: Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe meiner grunneigarane i Myklebustdalen manglar folkeskikk og at dei bør skjerpe seg.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Eg kjenner ikkje ordføraren i Bremanger personleg og at eg skal ha flytta traséen fordi ordføraren bur i Førdedalen er absurd. Påstandane om korrupsjon er alvorlege og injurierande, seier den tidlegare olje- og energiministeren til NRK.

Borten Moe skuldar grunneigarane mellom anna for mangel på folkeskikk.

– Dei må slutte og fokusere berre på sine eigne personlege interesser og i staden byrje å oppføre seg som folk. Grunneigarane i Myklebustdalen får ikkje verre belastning med kraftlina enn andre. Det bur ikkje ein gong fastbuande der, seier Borten Moe.

Fryktar ikkje søksmål

Lars Endre Myklebust fryktar ikkje noko søksmål frå Ola Borten Moe.

– Borten Moe har gjort eit veldig slett arbeid, noko som gjer at vi står der vi står i dag. Han går rimeleg tøft ut når ein veit at vedtaket hans i saka vart kjend ugyldig av domstolane, seier han til NRK.

– Kvifor meiner de prosessen er korrupt?

– Her er det gjort ei endring heilt på tvers av faglege råd. Partiomsyna er tydlege i denne saka, seier Myklebust.

Har brukt fire millionar på rettssaker

– Trur du de vil greie å bevise korrupsjon i ei eventuell rettssak?

– Nei, det tvilar eg vel på. Men spørsmålet om korrupsjon er ikkje noko problemstilling for oss no. Vi meiner Kontroll -og konstitusjonskomiteen på Stortinget burde sett på saka for lenge sidan, seier Myklebust.

Grunneigarane har så langt brukt fire millionar kroner på rettssaker mot staten i samband med krafline-striden i Bremanger. Om lag halvparten av midlane er henta inn frå Myklebust sameige. Resten er henta frå grunneigarane sine private pengebøker.