NRK Meny
Normal

Her blir den siste masta løfta på plass

EIRIKSDALEN / HØYANGER (NRK): I dag blei siste av i alt 797 kraftmaster i sambandet Ørskog – Fardal løfta på plass. No blir det ei ny tid for kraftforsyninga på Vestlandet og i Midt-Norge

Her blir den siste masta på det nye kraftnettet frå Ørskog til Fardal sett på plass i Eiriksdalen i Høyanger.

OMFATTANDE ARBEID: I all slags vêr har arbeidarar jobba langs fjordar og i høgfjellet med å montere dei nye kraftmastene.

– Det er ein veldig gledas dag, sjølvsagt for oss i Statnett, men først og fremst for Sogn og Fjordane og Midt-Norge, seier Elisabeth Vardheim, konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett.

Den nye 420-kilovoltlinja mellom Ørskog i Møre og Romsdal og Fardal i Sogn og Fjordane sikrar i langt større grad kraftforsyninga i store deler av Sør-Norge enn det eksisterande nettet.

– For folk i Sogn og Fjordane og Midt-Norge så betyr dette ei sikker straumforsyning. Det betyr at mykje kraftproduksjon som har stått på vent i påvente av denne leidningen no kan setjast i produksjon, slår Vardheim fast.

Ho legg ikkje skjul på at det har vore store utfordringar med å få bygd den nye linja, ikkje minst i Ålfoten i Nordfjord, der grunneigarane gjekk retten sin veg for å få stoppa prosjektet og lagt om linjetrasseen.

– Vi rekna jo med at det ville bli utfordringar med dette prosjektet, det såg vi jo i løpet av konsesjonsprosessen. Så er det vår oppgåve å løyse dette undervegs. I forhold til den opphavlege planen så er vi berre eitt år forseinka. Det er vi grunn nøgde med, sett i høve alle dei utfordringane vi har hatt med å få tilgang til grunnen her.

I Eiriksdalen i Høyanger var ho og fleire andre i dag vitne til at den siste kraftmasta kom på plass, og i løpet av hausten blir spenninga sett på heile strekninga. Dei nær 800 nye mastene går langs fjordar og over fjell, og har skapt arbeid til mange dei siste åra.

– Det står att ein del arbeid enda, men det skal bli godt å bli ferdig, sjølv om det er litt vemodig å avslutte eit så fint prosjekt som dette, seier byggjeleiar Svein Rune Fossen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.