Hopp til innhold

Andreas (17) fekk påvist kyssesyka i juli – no imponerer han i langrennssporet

– Eg frykta jo at kyssesyka kunne øydeleggje karrieren min. Det har skjedd andre, seier Andreas Hetle (17).

Andreas Hetle

NØGD: Som alle unge langrennsløparar drøymer Andreas Hetle om å kunne leve av å gå på ski. Då er det godt å sjå at kyssesyka ikkje har sett han for langt tilbake.

Foto: Privat

Åtte månader etter at han fekk påvist kyssesyka, gjekk Andreas Hetle ein strålande førsteetappe då juniorlaget til Sogn og Fjordane vart nummer ni av 116 lag under NM i Harstad.

– Eg har halde humøret oppe heile vegen. Det er nok grunnen til at eg har kome så pass greitt i gang att, seier 17-åringen frå Breim.

Rett på pallen

Det vart ikkje meisterskapsmedalje i helga, men Hetle fekk noko viktigare: Ei stadfesting på at han etter månader utan trening, likevel hevdar seg blant dei beste juniorane i Norge.

Først i desember byrja Hetle så smått å trene. I midten av januar var han i gang for fullt. Få veker seinare sesongdebuterte han med 3.-plass under Norgescupen på Voss.

– Eg viste i fjor at eg har nivået inne, men med tanke at eg har vore ute med kyssesyka, så var det litt overraskande å vere tilbake så raskt, seier han.

Frykta karriereslutt

Eigentleg hadde langrennsløparen skrinlagt årets sesong. Målet var å komme i gang att med treningane, og sakte men sikkert bygge seg opp til neste sesong.

– Det er skrekkeksempel på idrettsutøvarar som får karrieren øydelagt av kyssesyka. Difor var eg oppteken av å følgje råda til legen, og å ta det heilt med ro, seier han.

Det er ikkje alltid like enkelt når sesongen nærmar seg og konkurrentane er i hardtrening.

– Kvardagen er lagt opp slik at eg skal trene mykje, men plutseleg har eg mykje fritid som eg ikkje får fylt med noko. Det var skule, ete og sove, seier han.

Fall frå pallen

Fredag var det lite som vitna om ein langrennsløpar med eit heller dårleg treningsgrunnlag. Halvannan kilometer før slutt fall han frå pallplassen.

Det vart til slutt ein litt småsur 7.-plass.

– Eg gjekk for medalje og valde ei skarp line gjennom ein sving. Der var det isete. Eg tapte kring 25 sekund og medaljen. Det var att halvannan kilometer med lett terreng. Ein medalje der hadde berga sesongen, seier han.

God stafett

Jon Rolf Skamo Hope

DOBBELT: Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen vart dobbelt noregsmeister under meisterskapen i Harstad.

Foto: Privat

Hetle er redd for å bli for overivrig, slik at han får tilbakefall på kyssesyka. Difor vurderte han i går kveld å trekkje seg frå dagens stafett.

– Det har jo skjedd andre før, men det vart min beste dag i meisterskapen. No håpar eg på formstigning framover, seier han.

17-åringen sende ut dobbelt noregsmeister, Jon Rolf Skamo Hope på ein tredjeplass. Det vart til slutt 9.-plass.

– Det er heilt innanfor med eit så ungt lag, meiner Skamo Hope som sjølv gjekk laget opp i tet.