Hopp til innhold

Amund fann løysing på den tøffe nettkonkurransen

Kvar fjerde gåve under juletreet i år vil vere handla på Internett. For den lokale kjøpmannen betyr det tøff konkurranse. Men Amund Gotteberg i Måløy har funne ei løysing.

Ein stor del av pakkane som skal ligga under juletreet i år, kjem til å vera handla på nett. For lokale butikkar betyr det tøff konkurranse, men nokre har funne ei løysing.

SJÅ TV-SAK: For åtte år sidan såg Amund Gotteberg kundane endre handlemønsteret og omsetnaden gå ned. Så kjøpte han eit internettdomene ... (FOTO/REDIGERING: STEINAR LOTE/NRK)

Før var julehandelen god butikk for handelsstanden. Dei siste åra vel stadig fleire og fleire forbrukarar å gjennomføre julehandelen frå godstolen i si eiga stove.

Slikt uroar handelsstanden.

– Vårt fokus er at folk prøver å handle lokalt, så verdiskapinga skjer i Eid, seier leiar for Nordfjord senter, Oddvin Hansen.

Flest handlar på nett

I Eid har handelsstanden gått saman med lokalavisa for å promotere lokal handel. For her i fylket vil 23 prosent av innbyggjarane handle sine julegåver på nett.

Det er flest i Norge, etterfølgd av Hedmark (12 prosent) og Aust-Agder (11 prosent). Hansen meiner desse går glipp av ein vesentleg ting.

– Den gode servicen, smilet og den gode handleopplevinga er ikkje så lett å få til på nettet, seier han.

Både nett og butikk

Amund Gotteberg hos Glassmagasinet i Måløy såg for mange år sidan at kundane var i ferd med å endre handlemønsteret. For å tilpasse seg kundane, kjøpte han domenet glassmagasinet.

Det angrar han ikkje eitt sekund på. I dag går tida fram mot jul til å sende hundrevis av pakkar til heile landet.

– For oss har det vore gode erfaringar, og vi har auka omsetnaden, seier han.

– Vi klarer å halde eit breitt sortiment som vi ikkje ville hatt utan å ha internett som marknadsplass. Det kjem også dei lokale kundane til gode, legg Gotteberg til.