NRK Meny
Normal

Eit siste desperat rop til Oslo

Bru-forkjemparane i midtre Nordfjord har ikkje gitt opp kampen om å påverke valet av E39-trase.

Næringslivet aksjonerte for Anda-Lote

EIT SISTE E39-ROP: Næringslivsrepresentantar frå midtre Nordfjord heldt appellar på Lote ferjekai.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

«Det ville bli ein parodi viss ein skulle få ei bru på kysten og ei bru i indre, mens vi her på midten med vårt store næringsliv skulle køyre ferje.»

Jon Gimmestad, Gloppen næringsorganisasjon.

Onsdag aksjonerte representantar for 22 verksemder i Eid og Gloppen på Lote ferjekai.

Kravet: Dei vil ha E39 forbi sine verksemder, med bru mellom Lote og Anda, ikkje indre trasé via Stryn.

Trur det er like før

– Når avgjersla på Sunnmøre kom før påske, så er nok like før at det skjer noko her. Då prøver vi å gjere ei siste mobilisering for å sende eit signal til Oslo om kor viktig dette er for næringslivet i Midtre Nordfjord, seier Jon Gimmestad i Gloppen næringsorganisasjon.

NRK kunne onsdag morgon fortelje at ordførarane i Gloppen og Eid i det stille har starta jobben med å få til bru mellom Anda og Lote uansett kor E39 i framtida vil gå. Men enn så lenge gir næringslivet i regionen ikkje opp håpet om å få E39-traséen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Aksjonerte for E39

STÅR SAMLA: 22 bedrifter i Gloppen og Eid mønstra onsdag føremiddag til bruaksjon på ferjekaia på Lote.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi er størst

Aksjonen kjem i etterkant av at Hareide fastlandssamband (Hafast) vart vald som trasé for E39 på Sunnmøre. Etter at regjeringa fatta sitt vedtak har forkjemparar for både indre- og midtre trasé i Nordfjord tatt Hafast til inntekt for sitt syn.

Mellom anna har næringslivet sine behov, i etterkant av valet av Hafast, blitt brukt som argument av Stryn kommune og lobby-selskapet Gode Vegar AS for å fremje indre trase i Nordfjord. På same måte har lobbyselskapet for midtre trasé, Nordfjordkryssing AS, vore skråsikre for at valet på Sunnmøre gir dei ein fordel.

– Både i Stryn og Hornindal er det fantastisk mykje bra næringsliv, det er ingen tvil om det. Men viss du slår saman Eid og Gloppen, så er vi større. Det ville bli ein parodi viss ein skulle få ei bru på kysten og ei bru i indre, mens vi her på midten med vårt store næringsliv skulle køyre ferje, seier Gimmestad.

Aksjonistane frå næringslivet hadde med seg denne skrytelista til samlinga på Lote:

  • Næringslivet i midtre Nordfjord (Eid/Gloppen) er større enn næringslivet i Indre Nordfjord (Stryn/Hornindal). Fleire sysselsette, fleire bedrifter.
  • Næringsorganisasjonane i fire av seks Nordfjord-kommunar ønskjer midtre E39-trase.
  • E39 i midtre er einaste trase som vil skape ein stor, ny bu- og arbeidsmarknadsregion.
  • Det store fleirtalet av transportbedriftene i Nordfjord vil ha vegen i midten, og har ingen nytte av E39 i indre.

(Artikkelen held fram under kartet.)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

MIDTRE VS INDRE: Regjeringa har framleis ikkje avgjort om ein ferjefri E39 i framtida skal gå via Anda - Lote, eller lenger inne via Stryn.

Foto: Statens vegvesen

Trur på to bruer og ein tunnel

Ein av dei frammøtte, John Olav Lefdal i Lefdal Invest meiner midtre trasé vil gjere alle partar nøgde, så sant ein også får realisert ein ytre kystveg som erstatning for dagens to ferjesamband mellom Bremanger (Oldeide og Isane) og nordsida av Nordfjord (Måløy og Stårheim).

– Vi kan få vekk ferja på Anda-Lote, og få erstatta tre ferjer med to bruer. Viss ein så byggjer tunnel gjennom Utvikfjellet, blir alle hjelpte. Då blir alle fornøgde, og vi får fred i Nordfjord, trur Lefdal.

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) trur direktør Bjarne Dybvig på betra rekruttering, om berre ferja blir erstatta av ei bru mellom Anda og Lote.

– Det er utruleg viktig for SFE som er ei kompetansebedrift som i periodar slit med å rekruttere høgkompetente menneske. Ein betre infrastruktur vil legge forholda til rette for at både vi og anna næringsliv kan utvikle oss vidare i midtre Nordfjord. Dette vil skape ein mykje større bu- og arbeidsmarknad, seier Dybvig til NRK.no.

Indre trur framleis på siger

22 kamplystne verksemder i felles mønstring på Lote ferjekai rokkar uansett ikkje ved indre-forkjempar Svein Sunde sitt syn.

– Vi har sagt at valet av Hafast på Sunnmøre klart har styrka indre trasé. Det grunngir vi med tal vi sit på både når det gjeld næringsstruktur og den samla næringsaktiviteten. Verdien av å få brua i indre vil vere klart størst for vidare utvikling av regionen, meiner den daglege leiaren i selskapet Gode Vegar AS.

Han meiner Anda-Lote forkjemparane i Gloppen overser nytta deira sak vil ha for bygdene i Breim.

Svein Sunde

TRUR PÅ INDRE: Svein Sunde, her ved på Kvivsvegen som han kjempa for i ei årrekkje, kjenner seg trygg på at regjeringa legg E39 via Stryn.

Foto: Privat

– Det ein ofte gløymer, er at også store deler av Gloppen kommune også høyrer til indre region. Så for mykje av næringslivet i Gloppen kommune vil brua i indre vere viktig. Med indre trasé så er det nettopp brua som utløyser den store verdien med større innkorting av reisetid enn midtre.

Heller ikkje SFE vil bli skuffa med E39-trasé i indre Nordfjord, trur Sunde.

– Det blir veldig kort avstand mellom Sandane og Stryn, det burde gi gode resultat også for SFE.

– Men næringsorganisasjonane i fire av seks nordfjordkommunar går inn for midtre. Betyr ikkje det noko?

– Eg veit ikkje om eg vil gå god for kor mykje hald det er i det. Ein av organisasjonane det blir vist til er Nordfjord Vekst. Når dei blei etablert låg det i statuttane at dei var bundne til masta. Dei har ikkje fått meine noko fritt..

Torsdag er samlar Erna Solberg troppane til regjeringskonferanse. Kor vidt det då kan komme noko nytt om kvar E39 skal gå i Nordfjord er uvisst, men forkjemparane både i midtre og indre Nordfjord er alle klare for ei avgjerd.

– Eg trur det vil vere fornuftig for alle å få ei avklaring. Men regjeringa må få den tida dei treng, viss det er ting dei framleis føler at dei må kvalitetssikre, seier Svein Sunde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser