Å sjå døde folk har blitt vanleg for Euan (25)

SOGNDAL (NRK): – Fyrste dagen med dødsfall, det hugsar eg. Eg måtte ta eit djupt pust og tenkte «no skjer det».

Sommarjobb i gravferdbyrå

FLYTTAR KISTA: Ei tralle gjer at Euan kan flytte kista med eit menneske inn i bilen åleine.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

25 år gamle Euan Scott Nyguist har ein litt uvanleg sommarjobb. Han er tilsett i Sogn Gravferdshjelp.

– Folk likar ikkje å snakke om død, så eg forstår godt at folk ikkje veit så mykje om jobben min, seier han.

Nyguist kom til Sogndal for fem år sidan. Han er frå USA og flytta til Noreg for å studere økonomi på høgskulen. No er han bachelorstudent og trengde jobb ved sidan av studiet.

Sommarjobb i gravferdbyrå

FIN I TØYET: Velstelt dress og namneskilt er ein viktig del av å sjå skikkeleg i jobben.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Eg jobba på bensinstasjon. Eg var lei av å selje brus og sjokolade til folk som kjøper bensin. Så då begynte som vikar her, seier Nyguist.

No er Circle K-skjorta bytt ut med ein mørkegrå dress, namneskilt og dressko. Å sjå døde menneske blitt normalen for Nyguist.

– Folk spør ofte om eg er med på stell og vaskar kroppen på folk. Ja, det gjer eg, og oftast sluttar spørsmåla der, seier han.

Føler ofte at det har vore ein kjekk dag på jobb

Arbeidsdagen kan innebere alt frå å pusse gravsteinar til bilvask, lage minnebok frå gravferder. Det er det Nyguist synst er kjekt med jobben.

– Det kan hende folk synst det er rart fordi vi jobbar med døde folk, men det er eigentleg ein veldig hyggeleg arbeidsplass.

Sommarjobb i gravferdbyrå

PAKKAR DYNE OG PUTE: Alt dei treng til kista blir pakka med i bilen når Euan skal på oppdrag.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Han fortel at han ikkje synst jobben er ubehageleg, utanom dei triste augneblikka.

– Det er veldig roleg stemning. Vi stressar sjeldan, og det veldig avslappa eigentleg.

Nyguist seier det viktigaste er korleis dei møter dei pårørande. Han er oppteken av å gjere alt skikkeleg og rett slik at dei blir roa.

Heilt avhengige av sommarvikarar

– Dei er heilt nødvendige for å gjere oppgåvene våre når vi skal avvikle ferie. Vi ser etter nokon som har ei tryggleik i blikket, og som kan behalde roa i ein utrygg situasjon, seier gravferdskonsulent i Sogn gravferdshjelp, Ingar Husum.

Ingar Husum, Sogn gravferdhjelp

TRYGGE VIKARAR: Gravferdskonsulent Ingar Husum vil ha folk som kan behalde roa.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Han meiner dei som har hatt ein slik jobb får verdifulle erfaringar.

– Dei fleste er litt klønete når det kjem til død. Men dei som har jobba her har måtte møte folk i sorg, og ser at det å ta kontakt er betre enn å ikkje ta kontakt, fortel Husum.

Rart å snakke om døden

– Det er sikkert litt ekstremt, vil eg tru for folk som ikkje er vande med å snakke om det, seier Nyguist.

Dagleg leiar i Fjordane gravferdsbyrå i Førde, Mathias Haug, har undra seg over kvifor det er så vanskeleg for folk å snakke om døden.

Mathias og korset

EIN DEL AV LIVET: Mathias Haug seier døden er naturleg. Vi må snakke om det.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Mange av oss ser på døden som noko framand. Vi er redde for å seie noko feil, og reserverer oss frå å snakke om det i det heile, seier han.

Fint å få bety noko for andre

Nyguist synst det er fint å kunne vere der for folk når dei treng det.

På lageret har dei kister, skjorter til dei døde, stellefrakkar og duftolje som dei brukar i kista om det er dårleg lukt.

Siommarjobb i gravferdbyrå

UTSTYR: Hyllene på lageret er fulle i utstyr for å stelle dei døde.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Det er nesten som ein vanleg kropp, berre kald og stiv. Viss dei har vore sjuke lenge, kan huda skli litt av eller dei kan lukte dårleg.

Han steller dei døde slik at dei ser mest mogleg normale ut. Om dei har dødsflekkar i fjeset kan dei bruke litt sminke, men om dei ser bra ut treng dei ikkje gjere så mykje.

– Når eg ser nokon som har døydd, så ser eg ikkje ein person. Det er berre ein kropp. Så det gjer jobben litt lettare på ein måte.

Har ditt forhold til døden endra seg etter du starta her?

– Eg er nok meir oppmerksam på at livet tek slutt. Men livet er jo litt av alt, og det har det alltid vore.