Hopp til innhold

Mathias jobbar med døden kvar dag og kan ikkje tenkje seg noko anna

Mathias Haug har ein jobb mange andre aldri kunne ha hatt. Han har likevel aldri vurdert å kutte ut jobben som gravferdskonsulent – ikkje ein gong då han og kona mista tvillingdøtrene sine i 2006.

Mathias og korset

I BILEN: Mathias Haug har mange turar med bårebil nattestid i løpet av eit år.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det var utruleg vanskeleg og tøft på alle måtar, fortel Haug.

Kvart år døyr nær 42 000 menneske i Norge. Dei fleste menneske som døyr, er trøytte og sovnar stilt inn. Men ikkje alle. I 2006–2010 døydde tre spedborn per 1000 levandefødde.

Mathias Haug (34) er gravferdskonsulent hjå Fjordane gravferdsbyrå i Førde. I 2006 opplevde han og kona alle foreldres mareritt. Halvveges i svangerskapet vart det klart at liva til dei einegga tvillingane ikkje stod til å redde. To bittesmå jenter vart lagde i lag i den vesle barnekista.

– Eg var spent på korleis det ville bli å jobbe med dødfødslar etter det, fortel Haug.

Men det synte seg at det som hadde vore den verste opplevinga i livet, faktisk kunne brukast til noko positivt.

– Eg merka at det vart ein styrke. At eg kunne gå inn i sorga deira på ein annan måte, fortel han.

Fleire ønskjer å delta aktivt

I ei kvit kiste i eit kapell i Førde, ligg den vevre dama i 80-åra fredfull med falda hender. Hender som har stroke og trøysta. Hender som har bore og slite.

– 99 av 100 ser sameleis ut seks dagar etter dei døydde, som den dagen dei døydde, seier Haug, og rettar på likkleda til kvinna.

Døden er ingenting, det er berre tanken på han som er trist

Voltaire

(Artikkelen held fram under biletet)

Hender 1

INDIVIDUELL: - Ein kan aldri setje sorg opp mot kvarandre. Kor hardt ein sørgjer, er høgst individuelt, seier Mathias Haug.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Haug tykkjer han har merka ei endring blant pårørande på sine 15 år i jobben. Fleire ønskjer å delta aktivt når familiemedlemmer døyr. Dei ønskjer kanskje å sjå vedkommande, eller dei ønskjer å bidra i kyrkja.

– For mange er det godt å få sjå den døde ein siste gong. Andre vil ikkje, og vil heller hugse vedkommande som han var. Det viktigaste er at folk veit at dei har moglegheita, understrekar Haug.

– Vi har teke livet av døden

Korleis vi handterer døden, har endra seg mykje dei siste hundre åra. Før var døden ein del av familien. Bestemor låg sjuk på kammerset og når det nærma seg den siste tida, vart ho varsamt flytta inn i stova, slik at alle skulle få ta del.

På låven stod kista ferdigsnikra. Nokon gonger hadde endåtil folk spikra si eiga kiste. For alle visste dei at dei skulle døy. I ei tid der mykje var usikkert, var iallfall dette noko sikkert.

Når bestemor til slutt døydde, så var det det ho gjorde. Ho «gjekk ikkje bort» eller «sovna inn». Ho var død.

På gravferdsdagen vart bestemor pynta. I sin finaste stas, låg ho der i kista. Hendene folda over salmeboka. Og så var det fotografering. Kista ofte på ei kjerre, med hesten spent for. Slekt og vener som ein bukett rundt. Alvorsamt såg dei rett i kamera. Så var dagen dokumentert for alltid. Men slik er det ikkje lenger.

– Må få meir normalisert forhold til døden

– Den største samfunnsendringa i mine auge, er at vi har teke livet av døden. Vi gøymer han på institusjonar. Vi latar som døden ikkje finn stad.

Overlege og dagleg leiar på Verdigheitssenteret, Stein Husebø, har i mange år teke til orde for at vi snart må erkjenne at døden faktisk er del av livet.

Stein Husebø

DØDEN OG LIVET: Døden må vere ein del av livet, seier lege Stein Husebø.

Foto: NRK

– Folk i dag har ei oppfatning av at livet er evig. At folk døyr, skal vi ikkje snakke om. Dei sovnar eller går bort, tordnar Husebø.

– Vi legane er dei største kjeltringane. Når vi meiner det snart er slutt, må vi seie det til dei pårørande. Den siste levetida inneheld uerstattelege verdiar som folk i dag går glipp av, seier Husebø, som meiner folk må få eit meir normalisert forhold til døden.

Åleine med kiste om natta

– Mange skjønnar ikkje at eg kan køyre bårebil til Bergen på nattetid, med eit lik som einaste selskap. Eg må berre le. Eg veit ikkje kva dei er redde for. Om det er film som har påverka eller kva det er, smiler Haug.

Sjølv om mange tykkjer yrket hans er litt myteomspunne, merkar han ei endring blant pårørande. At dei torer å stille spørsmål.

– De unge er meir nysgjerrige. Men det er klart at dersom unge blir opplært til å ha eit unaturleg forhold til døden, så er det det dei får, trur han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kistelok

SISTE STREK AV DAGSLYS: Etter at kvinna er stelt, vert loket lagt på for siste gong.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

For medan sjåartala går i taket for seriar som omhandlar vampyrar og død, så er den ekte døden meir tabu.

– Det er litt rart, vi kan gjerne la oss underhalde av døden, men vi skal ikkje snakke om han.

Nesten ingen sluttar

Gunnar Hammersmark
Foto: Virke

34-åringen frå Angedalen jobbar i det største gravferdsbyrået i Sogn og Fjordane, og er nær 30 år yngre enn sine kollegaer. Det er ikkje uvanleg, fortel bransjedirektør i hovudorganisasjonen Virke, Gunnar Hammersmark.

– Folk har ofte bakgrunn frå andre stader før dei byrjar hjå oss. Og folk trivst! Det er ikkje mange yrke som har mindre turnover i arbeidsstokken enn gravferdsbyrå. Folk sluttar ikkje, seier Hammersmark.

Og akkurat det kan komme overraskande på mange, trur Hammersmark.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du har kanskje ikkje sett noko utlysingstekst som gravferdskonsulent nokon gong? I så fall er du ikkje åleine. Det er langt mellom dei. Og når byråa først lyser ut, kan dei velje på øvste hylle.

– Det er tjukke søkjarbunkar kvar gong ei stilling er ledig. Og søkjarane er langt på veg overkvalifiserte. Yrket verkar svært interessant for folk i mange ulike yrkesgrupper, seier Hammersmark.

Formelt er det ikkje stilt nokon krav til utdanning for å bli gravferdskonsulent. Dei 1000 som jobbar i bransjen i Norge har svært variert yrkesbakgrunn.

– Du finn alt frå snikkarar, helseutdanna, prestar, lærarar og mykje meir. Men dei har éin ting til felles, dei har gode personlege eigenskapar, seier Hammersmark.

(Artikkelen held fram under biletet)

Far og son

I SAME BRANSJE: F.v. far Karl Øystein Haug og sonen Mathias Haug.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det kan Haug skrive under på.

– Har du ikkje personlege eigenskapar for å snakke med dei pårørande, så hjelper det ikkje kva utdanning du har, seier Haug.

Bransjeforeininga har utvikla eit omfattande brevkurs der ein får innføring i blant anna gravferdslova, arbeidslova, trygdelova, sorg og sorgreaksjonar, samt praktiske ting.

– Men dei personlege eigenskapane betyr alt, seier Hammersmark.

Kan bli med på siste stell

Når eit menneske døyr, og legen har stadfesta dødstidspunkt, samt at det ikkje er nokon grunn til at vedkommande skal obduserast, då vert gravferdsbyrået tilkalla.

– Vi må tilkallast av dei pårørande. Vi kjem ikkje automatisk, understrekar Haug.

Dersom pårørande ønskjer det, kan dei vere med og stelle den avlidne. Viss ikkje, steller gravferdskonsulenten den døde. Ein vaskar over ansiktet og kler på svøpet, ein silkeliknande forkle-kjole med armar. I alle kister ligg det flis i botn, silkelaken over, samt ei pute og ei dyne.

Døden skal ein ikkje frykte, når han er der, er eg ikkje, og når eg er, er han ikkje.

Epikur

– No høyrest dette litt kaldt ut, og det er det ikkje meint som. Vi tek alle jobbar like alvorleg, men det er klart at gravferder til eldre folk, vert litt rutine etter kvart, seier Haug.

I kapellet i Førde ser han til at dei tynne hårstråa til kvinna ligg fint, at auga er lukka og munnen i hop, før silkeduken vert lagd over ansiktet hennar. Så brettar han inn silkestoffa som heng på kvar side.

Idet kisteloket vert lagt på, pressar siste rest av dagslys seg ut av kista ein siste gong. Sterke hender skrur til dei fire skruane som held loket på plass.

(Artikkelen held fram under statistikken)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det einaste eine absolutte

Av alle ting mennesket skal gjennom i livet, er døden det einaste som er sikkert. Det einaste som er absolutt. Som ikkje kan diskuterast, ikkje unngåast, ikkje utsetjast.

Men av og til kjem døden før. Fordi livet blir for vanskeleg.

Haug er god på å kople ut jobben, men nokre ting sit som spikra. Som den livlause kroppen som berre hang der.

– Første gong eg var med og lyfte nokon ned frå eit tau, den kjensla heng att. Døden blir så monumentalt ekte, seier Haug.

På pauserommet hjå Fjordane gravferdsbyrå luftar dei ofte ut. Deler erfaringar. Lyttar. For ikkje alle sider av jobben er like enkle.

Som når nokon har valt å avslutte livet med hagle. Eller sprengstoff.

– Eg hadde aldri trudd at sjølvdrap var så utbreidd som det faktisk er. Det vart ein vekkjar etter at eg byrja i denne bransjen, seier Mathias Haug.

Faren, Karl Øystein, nikkar. Han har fleire gonger vore med for å samle saman restane av det som har vore ein far, ein bror eller ein bestefar.

– Dei tek ofte omsyn til familien, på den måten at dei tek livet sitt utanfor husets fire vegger, seier Karl Øystein.

Men det er ikkje lett å finne menneskebitar som er sprengde i filler.

Likevel er det ikkje bileta i hovudet som heng lengst i, når dei er ute for spesielt krevjande situasjonar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Korset

IKKJE BERRE KORS: Bårebilane kan ha forskjellige symbol, alt etter kva som høver til den som er avliden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er ofte lukta. Den kan eg bere med meg lenge, seier Haug.

Og då er det ikkje berre den søtlege angen av død han snakkar om.

Det er slikt som ikkje folk ønskjer å tenkje på. Kva som skjer når kroppen sluttar å leve. Merkeleg nok veit dei fleste kva som skjer viss du legg ein entrecote på baderomsgolvet i to døgn.

At menneskekroppen går i oppløysing på same måte, kjem likevel overraskande på mange.

– Det er biologi. Ikkje noko anna, seier Haug, stilt.

For mange døyr åleine. Eldre folk som bur åleine, kan ofte verte liggjande nokre dagar, før nokon saknar dei. Før såg naboen røyk frå pipa. No har mange varmepumpe. Før snakka folk med naboen. No er vi på Facebook.

– Det har vore ei endring. Og når det er sagt, så døyr mange på badet. For det er der vi går, når vi ikkje føler oss vel, seier Haug.

Full kyrkje er ikkje prov på viktig liv

På bygdene strøymer folk til når kjenningar vert gravlagde. I byar opplever ein frå tid til annan at nokon vert gravlagde åleine. På sine snart 15 år i bransjen, har Mathias aldri opplevd at ingen kom i gravferda. Men éin gong kom berre sju.

– Men det treng slett ikkje vere negativt. Ei gravferd reflekterer ofte korleis ein ønskte å leve livet sitt. Nokon har ikkje slekt, andre har ikkje så mange vener. Og nokon må vere sist! Av og til har alle venene dine reist før deg. Ikkje konkluder med at eit liv var vekkasta fordi berre sju stykkjer møter opp, seier Mathias Haug.

Må trå inn i sorga

Haug legg bårekransane fint til rette. Dei frå den næraste familie, ligg nærast. Om ein time skal ein familie ta farvel med ein far, ein bestefar og svigerfar. Ein som var så levande ein dag, og som brått ikkje var meir.

I veka som har gått, har han hatt tett kontakt med familien. Dei har snakka, grete, planlagt og grete meir.

– Du må trå inn i sorga med dei. Gjer du ikkje det, klarar du ikkje å møte dei så tett som du bør. Du må late dei tømme seg for dei tunge tankane, då har dei og hjelpt deg på veg til å hjelpe dei, seier Haug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gravferd blomar 1

NØYE: - Vi skal sjå til at alt er på stell, seier Mathias Haug.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Meir enn ein gong har han kjent tårene komme, både i gravferd, men også i samband med stell.

– Det er mange ting som kan gjere rørande inntrykk. Til dømes at ein ektefelle ønskjer å gjere det siste stellet. Eller at ting som blir sagt i ein tale er rørande, seier Mathias Haug.

Finn meining i arbeidet

Han legg ikkje skjul på at han trivst i jobben. Det har han til felles med dei om lag 1000 andre han er i bransje med.

Det samsvarar med resultata i forskinga til Lise Tevik Løvseth ved Avdeling for Forsking og Utviling, Divisjon Psykisk Helsevern ved St. Olavs Hospital. I doktorgrada si samla ho data frå fleire yrkesgrupper som har krevjande jobbar og som er bundne av teieplikta.

– Trass i at desse yrkesgruppene blir utsette for tøffe opplevingar, finn dei meining i det dei gjer. Mykje av motivasjonen deira kjem frå å hjelpe andre. Det å lykkast med tøffe saker, gir dei meining, seier Tevik Løvseth.

Ho legg til at gravferdskonsulenten spelar ei uhyre viktig rolle for pårørande i ei tøff tid.

– Ein god gravferdskonsulent er ei enorm støtte for familiar i sorg. Det å kunne hjelpe i slike situasjonar, er heilt klart motiverande og gjer noko med trivselen deira, seier Tevik Løvseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gravferd

BLOMEHAV: - Blomane skal danderast på ein slik måte at det ser både ryddig og pent ut, seier Mathias Haug.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Haug har aldri angra på yrkesvalet. Å fullføre lærarutdanninga har ikkje vore eit alternativ til no.

– Eg føler absolutt alt vi gjer er meiningsfylt på eitt eller anna vis. Vi kjem i lag med dei pårørande på eit tidspunkt der dei kjenner seg heilt hjelpelause. Gjennom veka vi har saman, utviklar ting seg, og dei endrar seg. Eg ser at ting går rette vegen for dei, at det vi gjer er rett, seier Haug.

Sjølv tenkjer han lite på døden. Han kjem når han kjem. Planleggje si eiga gravferd, kjem han ikkje til å gjere.

– Folk må få gjere som dei vil. Men for meg er gravferda for dei som mister og sit att. Då må dei få bestemme korleis dei vil ha det.

For herifrå skal vi, før eller seinare. Som Gabriel Scott beskreiv det i «Kilden»:

«Et menneske kommer til verden–en ånd daler ned på jorden, den roterer en støvsky op omkring sig, tar støv på og sleper det rundt. Når dens tid her nede er omme, legger den atter støvet av og vender tilbake i det eviges favn.»