Hopp til innhold

«Respektlaust, arrogant og konfliktskapande»

Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane kranglar så busta fyk om namnet på det nye fylket på Vestlandet.

Jon Aasen

PROVOSERT: Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal rasar mot at "Vestlandet" skal bli namnet på det nye fylket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er respektlaust og arrogant, og det provoserer meir enn ein er klar over å bruke «Vestlandet» som namn på det nye fylket. Det har med identitet å gjere, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal.

– Realiteten er at Møre og Romsdal var invitert inn i det nye fylket på Vestlandet, men dei har takka nei. Det er vår rett å bestemme kva namn vi vil bruke på det nye fylket, svarer fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Krast vedtak

Eit samrøystes fylkesutval i Møre og Romsdal rasar mot at Hordaland og Sogn og Fjordane ville kalle det nye storfylket for «Vestlandet».

I vedtaket frå måndag heiter det mellom anna: «Møre og Romsdal fylkeskommune synest Hordaland og Sogn og Fjordane viser mangel på respekt både for historia til namnet og for oss andre på Vestlandet når dei foreslår "Vestlandet" som namn på sin region. Forslaget skapar splid heller enn invitasjon til vidare samarbeid».

Bryr seg ikkje om protestar

Jenny Følling ser ingen grunn til å bry seg om dei sterke protestane frå naboen i nord.

– Nei, vedtaket vart gjort med overveldande fleirtal. Saka vil ikkje bli tatt opp igjen.

Jenny Følling

AVVISER KRITIKK: Møre og Romsdal vart invitert inn i det nye fylket på Vestlandet, men sa nei til å vere med. Vi må sjølv få bestemme namnet på det nye fylket, seier Jenny Følling, som fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Følling viser til at det er mange organisasjonar som brukar Vestlandet i namnet sitt.

– Både Vestlandsrevyen i NRK, NHO Vestlandet, Helse Vest og Politi Vest brukar Vestlandet i namnet, seier ho.

Aasen er tydeleg provosert.

– Vestlandet er ryggmargen og identiteten vår, i alle fall på Sunnmøre. Då blir det fullstendig feil bruke eit geografisk namn som dekkjer eit mykje større enn dei to fylka, seier han.