Hopp til innhold

«Lala» får ikkje kontrakt

Edvin «Lala» Noso får ikkje kontrakt med Sogndal. Den unge nigerianske angriparen vart ikkje funnen god nok for tippeligalaget.

Edvin "Lala" Noso

Edvin «Lala» Noso spelte andre omgang i ein treningskamp mot Førde. Det vart den einaste gongen nigerianaren fekk ta på seg Sogndaldrakta i kamp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dermed har Sogndal sendt heim begge dei to afrikanske prøvespelarane som har vore med Sogndal i sommar, medan dei framleis ventar på den siste.

– Ikkje god nok

Trond Fylling

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sportsleg leiar Trond Fylling seier til NRK at «Lala» ikkje var god nok til å forsterka førsteellevaren til Sogndal.

– Det er ei vurdering som sportsavdelinga har bestemt seg for, og slik det er no ville han ikkje forsterka førsteellevaren vår direkte, seier Fylling.

«Lala» skulle óg innom Lillestrøm, men Fylling er ikkje kjend med om han får kontrakt der eller om han er reist heim.

Vanskeleg for Diop

Sogndal skulle óg ha ein tredje spelar på prøvespel, men 22 år gamle Makete Diop frå Senegal har enno ikkje fått lov av sin syriske arbeidsgivar til å prøvespela for Sogndal.

Situasjonen i Syria er på randen av krig, og Fylling seier at dei ikkje ser lyst på situasjonen med tanke på å få toppskoraren i den syriske ligaen til Fosshaugane.

– Han må han ei frigiving frå sin klubb i Syria, men i der er det totalt kaos no, so eg er ikkje so veldig optimistisk til at me skal få til noko der, seier Fylling.

Ny kantspelar

Det danske talentet Tonny Brochmann kjem til Noreg i dag, og skal etter planen ha si fyrste trening som Sogndalspelar tysdag.

– Det blir jobba med å få ordna kontraken med det danske forbundet i dag. Kva tid han vert speleklar og kan vera ein del av spelartroppen i kamp får me sjå litt an, seier Fylling.