Hopp til innhold

Tre afrikanske spissar til Sogndal

Sogndal skal teste ut tre afrikanske spissar den næraste tida. Edvin "Lala" Noso frå Nigeria debuterer i treningskamp i kveld.

Trond Fylling

TRE AFRIKANARAR: Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, seier dei vil bruke tida fram mot månadsskiftet på å vurdere dei tre afrikanske spissane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Noso er 20 år gamal, og er på det heimebaserte landslaget til Nigeria og kom til Sogndal tysdag. Snart skal han få selskap av Makete Diop frå Senegal.

Den 22 år gamle spissen er toppskårar i den syriske ligaen. er han no tilbake i Senegal. Skal han få reise til Sogndal må han få klarsignal frå klubben sin først.

- Det er det vi ventar på no. Når dei er på plass må vi vurdere dei opp mot kvarandre og sjå om vi vil hente nokon av dei permanent, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Treningskamp i kveld

I tillegg skal ein ung nigeriansk spiss vere med Sogndal sitt juniorlag under Junior Elite-turneringa på Hamar.

- Han har vore på OL-landslaget til Nigeria. Vi brukar truneringa til å sjå han an, seier Fylling.

På treninga måndag kveld gjorde Tore André Flo comeback som Sogndal-spelar. Også han vil spele i treningskampen mot Førde i Bygstad i kveld.

- Dei treng tid

Sogndal vil bruke tida fram til overgangsvindauget opnar i august for å finsikte dei nye spelarane. Fylling åtvarar mot å tru at nokre av dei unge, afrikanske spissane byr på noko snarleg løysing på måltørken.

- Når du har med afrikanske spelarar å gjere så tek det tid. Det er sjeldan det treff "rett på". Eg vil ikkje spenne dei forhåpningane for høgt, men me håpar sjølvsagt at nokon av dei som kjem lukkast. Men dei er sjølvsagt ulike som typar. Nokre treng tid, andre kan slå til meir umiddelbart, seier Fylling.