Hopp til innhold

Klanen sitt «hatbrev» hjelpte ikkje mot Sogndal

Klanen minna spelarane om dei smertelege tapa som Sogndal påførte Vålerenga i 2000 og 2004, og tagg om hemn. Det hjelpte ikkje.

Eliteserien fotball 2016. Vålerenga-Stabæk. Ullevaal Stadion.

SUPPORTERAR: Klanen kravde hemn, men fekk i staden nok eit tap å hugse på.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

«Kampen er uhyre viktig for oss, det er tid for gjengjeldelse, oppreisning og å få ting på plass. Sogndal skal ned!»

Det skreiv supporterane i eit ope brev til spelarane i Vålerenga før lagnadskampen mellom Sogndal og Vålerenga på Fosshaugane søndag.

I brevet kravde dei at Vålerenga sende Sogndal ned i førstedivisjon som hemn for at sogndølene sende Vålerenga ned i førstedivisjon i 2000. Og for at laget spolerte gullfesten deira i 2004.

To skrekkmøte

Om møtet i 2000-møtet skriv Klanen:

«Vi spilte 1–1 borte og skulle møte dem hjemme sist. Det regna katter og bikkjer og det var kaldt som faen. Til tross for enorme sjanser var det nytteløst, kampen endte 2–2 og Sogndal sender oss ned på bortemålsregelen».

– Vi rykka ned etter møte med eit lag frå ein stad på storleik med Eidsvolds plass og tal innbyggarar færre enn i ei høgblokk på Ammerud. Det var pinlig og vondt, skriv klanen.

Om 2004 skriv Klanen:

«Sogndal ligger nederst og er klare for nedrykk om de ikke vinner neste kamp på Ullevaal. Kenneth Høie storspiller i Sogndal-målet og kampen ender 0–0. Sogndals nedrykk er et faktum. Likevel står Sogndal sine spillere ute på gresset på Ullevaal og jubler! Fordi Vålerenga nå mest sannsynlig ikke vinner serien». Les brevet her.

Eller sjå VIF-kaptein Christian Grindheim lese brevet i garderoben etter treninga torsdag:

– Gløymer ikkje

Talsmann Lasse Lukacs i Klanen seier supporterar ikkje gløymer.

– For spelarane var kampen søndag berre ein kamp om 6., 7. eller 8.-plassen. Men supporterar gløymer ikkje. Vi måtte minne dei om at vi har ein historie å rydde opp i mot Sogndal.

Han vedgår at den ønska responsen uteblei.

– Det var litt meir flaks på heimebane for Sogndal, ballen sprett hit og dit. Innimellom går det andre vegar enn vi ønsker, seier Lukacs.

– Tenkte spelarane på det?

– Vi møtte dei på veg heim. Det var slukøyra karar. Det er flaut å tape slike kampar.

Sogndal har ikkje skora fem mål i ein seriekamp på 13 år, og så skjer det med nettopp Vålerenga?

– Det betyr ingen ting. Einaste målet vårt var at vi skulle vinne.

– Ønsker de Sogndal lykke til mot Ranheim?

– Vi bryr oss ikkje korleis det går i ein kvalikkamp. Vi hadde sjansen til å sende Sogndal ned. Det klarte vi ikkje. Neste år får vi ein ny sjanse.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Vålerenga.

JUBLA: I staden vart det Sogndal som kunne innfri for sine supporterar. Kampen enda 5–2 til Sogndal og laget sikra kvalikkplassen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Motsett verknad

Vidar Vadseth

SUPPORTER: – Fekk motsett effekt, trur leiar Vidar Vadseth i «Saftkokarad'n».

Foto: Privat

Leiar Vidar Vadseth for fansen til Sogndal, «Saftkokarad'n», trur tiltaket frå fansen til Vålerenga fekk motsett verknad.

– Klanen mana spelarane sine til innsats. Men brevet tente i staden sogndalspelarane, trur Vadseth.