Hopp til innhold

«Får du hovudpine av pipelyd? Då er dessverre ikkje dette bilen for deg.»

Etter fem verkstadbesøk og ein NAF-test som syner over 20 feil, gjer Marius André Langø no eit svært så ærleg forsøk på å selje den litt over eitt år gamle Teslaen sin.

Teslaen til Marius Andrè Langø

MÅNDAGSBIL: Dette er bilen som har laga mykje hovudbry for bileigaren frå Florø.

Foto: Privat

Knirke- og klunkelydar, autopilot og cruisekontroll som lever sitt eige liv, vatn i lykter som lyser dårleg, vanskeleg å starte, sliten lakk og eit varmeapparat som slår seg av og på når det sjølv passar seg.

I eit forsøk på å selje bilen sin på finn.no, er den bilinteresserte elektromontøren svært så ærleg om tilstanden på Teslaen han kjøpte hausten 2018.

Det var Firda som først omtalte saka.

– Bilen er eit reparasjonsobjekt

Bilen kjøpte han for å sleppe å skru, og for å gjere pendlinga til og frå jobb billegast mogeleg. Men sidan kjøpet har det stort sett berre vore problem, skal vi tru Marius André Langø.

– Eg har fått ein bil som er eit reparasjonsobjekt, hevdar han.

– Først var det dogg og vatn i lyktene. Det var det første eg la merka til etter tre dagar. Så har det kome til meir og meir.

Marius Andrè Langø

FRUSTRERT: Marius André Langø håpar Tesla skal ta tilbake bilen.

Foto: Privat

Styrte over i feil køyrebane

Det mest alvorlege han har opplevd då han på veg heim frå verkstad i Bergen opplevde at rattet «låste» seg og drog bilen over i motsett køyrebane.

– Det er ein ganske alvorleg feil. Tenk om det hadde det kome bil imot, seier Langø.

No har bilen vore på verkstad fem gonger. Samstundes syner ein NAF-test, som vart teken då bilen hadde gått 5000 kilometer, 20-25 feil eller manglar. Langø har også fått Bilskadesenteret i Førde til å dokumentere det han meiner er problem med bilen.

– Eg har fått beskjed om at eg melder inn feil som ikkje er feil og at alle punkta var innanfor Tesla sine spesifikasjonar.

– Kva tenkjer du om handteringa?

– Det er altfor dårleg. Dei prøver å legge all skulda vekk frå dei. Dei svarer ikkje på e-post lengre, seier Langø oppgitt.

Den eine gongen han var på verkstad opplevde Langø også at han fekk ein lånebil som verken var registrert eller forsikra. Den saka vart omtala i E24.

150.000 har sett annonsen

Han har brukt over 100.000 kroner på advokat i eit forsøk på å løyse saka. No har han sendt saka til Forbrukarklageutvalet, der han håpar på medhald.

Men no er frustrasjonen så stor at han ikkje orkar å vente, og difor har lagt ut bilen for sal til 605.000 kroner, godt under det han kjøpte bilen for. Han har fått mange tilbakemeldingar på annonsen.

– Det er mange som tykkjer den er morosam, sjølv om den er seriøs, fortel han.

– Hittil har annonsen fått 150.000 sidevisningar, og eg har fått førespurnader frå folk som er interesserte i bilen. Men på grunn av alle feila vil dei ikkje betale så mykje for bilen, seier Langø.

Teslaen til Marius Andrè Langø

TESLA: Eigaren trudde at han hadde skaffa seg draumebilen, men i staden har han brukt mykje tid på verkstad.

Foto: Privat

Fryktar stort tap

Helst hadde han sett at Tesla gav han ein ny bil eller i det minste reparerte feila utan kostnader for han.

– Eg fryktar eit stort tap, men eg kjem ikkje til å gje opp kampen.

Langø meiner at Tesla står fram som useriøse utan vilje til å løyse saka.

– Eg forstår ikkje korleis Tesla vil at ein kunde skal ha ein så dårleg bil. At dei ikkje skjemst og fiksar feila, undrar Langø seg.

Tesla får mange klager

I fjor haust melde Forbrukarrådet om klagerekord på bilane til Tesla. Fram til september i fjor hadde dei fått inn 113 klager på bilmerket.

– Av prinsipp kommenterer vi ikkje enkeltkundar i media, men vi ser fram til å få denne saka grundig belyst i Forbrukarklageutvalet. Vi registrerer at kunden forsøker å selje bilen før utvalet får behandla påstandane, skriv kommunikasjonssjef i Tesla Noreg, Even Sandvold Roland, i ein e-post til NRK.

Tesla: – Kundane er fornøgde

Samstundes viser han til ein uavhengig gjennomgang frå magasinet Motor som syner at Tesla sine vurderingar i dei fleste tilfelle er korrekte.

– På generelt grunnlag synest vi det er leit å møte kundar i rettslege instansar. Heldigvis skjer det svært sjeldan. Dei aller fleste Tesla-kundane i Noreg er fornøgde, som dokumentert i blant anna Norsk Kundebarometer 2019, der Tesla med 4/5 stjerner vart plassert i kategorien svært fornøgde kundar. Ei undersøking frå Elbilforeininga viser at Tesla-kundane er mest fornøgde blant alle elbileigarar, skriv Roland i e-posten.