Hopp til innhold

«Det ville vere eit svik mot indre Bremanger»

BREMANGER (NRK): Bygdefolket i Ålfoten fryktar for framtida dersom ferjesambandet Stårheim-Isane blir lagt ned.

Bygdefolk i Ålfoten

SPENTE: Frå venstre: Marit Myklebust, Evy Merete Myklebust og Eldbjørg Aske Myklebust.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Neste månad skal kommunane gi råd til fylkestinget om kor Kystvegen skal gå. Fleire i bygdene på nordsida av Bremanger meiner kommunegrensene bør endrast mot nye Eid/Selje om ferja Stårheim-Isane vert truga.

Forkjemparar for bru i ytre har ynskt å bruke ferjeavløysingsmidlar frå både Måløy-Oldeide og Stårheim-Isane.

Marit Myklebust frå Ålfoten krev at lokalpolitikarane avklarer at ferja ikkje skal leggast ned for å skaffe pengar til bru fleire mil lenger vest:

– Veldig mange i området Ålfoten-Davik tenker på å endre kommunegrensene om ferja blir truga, det boblar under loket. Det ville vere eit svik mot indre Bremanger. Då skal dei berre mjølke oss for kraftpengar og la bygdene våre døy ut.

Ber politikarane om å legge ferjesaka død

Denne veka kom Vegvesenet med si tilråding om kystvegen. I Nordfjord går etaten for bru i ytre mellom Tongane og Biskjelsneset, men Vegvesenet meiner også at ferja Stårheim-Isane ikkje skal leggast ned.

Evy Merete Myklebust meiner politikarane bør lytte, og få saka ut av verda.

– Vegvesenet ser det same som oss, at ei bru i ytre og ferja har ulike funksjonar.

LES OGSÅ: Vegvesenet har klar tilrådinga

Kryssing av Nordfjorden

BRU: Vegvesenet vil ha bru lengst vest fordi den er rimelegast. Alternativet lengst aust mellom Bryggja og Oteren er ynskjet til mange i Davik-Ålfoten fordi ein då vil kunne avløyse begge ferjene.

Foto: Statens Vegvesen

Får ikkje garantiar

Kristin Maurstad

VIL DEMPE FERJEDEBATTEN: Kristin Maurstad (Ap) vil ha brua på plass, men vil roe ned ferjediskusjonen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men det er uvisst om ferja faktisk blir freda. Brua i ytre vil koste mellom fire og fem milliardar kroner.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap), forstår motargumenta, men tør ikkje love noko:

– Eg ser store utfordringar med å fjerne Stårheim-Isane med tanke på dei som bur i området, samstundes er det utfordrande å få finansiert ei bru i ytre utan å ta vekk også den ferja. Eg vel no å fokusere på det positive med at vi har fått ein trasé i ytre.

Maurstad ser ikkje vekk frå at ein kan utsetje ferjediskusjonen i høyringsrunden.

Ber folk ta det med ro

Ordførar Audun Åge Røys (H) skal samle kommunen.

– Det Vegvesenet har lagt fram verkar realistisk, då kan vi behalde ferja Stårheim-Isane. Av og til engstar folk seg unødig, eg tykkjer dette er å ta sorgene på forskot.

Men heller ikkje Røys ser vekk frå at kommunen skubbar ferjesaka fram i tid.

Kystvegen kan trygge framtida

På butikken i Kalvåg er kystvegen viktig tema. Atle Frøyen ber politikarane skjere gjennom:

– Folk må få behalde ferja, og vi må få bru. Dette har vi krangla om i ti år.

Atle Frøyen

ENGASJERT: Atle Frøyen trur Kystvegen vil vere avgjerande for utviklinga på kysten.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kraftbygd som skaffar millioninntekter

I krinsane frå Davik til Ålfoten bur det 550 menneske. Årleg hentar kommunen ut nær 30 millionar kroner frå kraftanlegga i området.

Også framtida til Bremanger som sjølvstendig kommune kan avgjere tilknytinga: Eldbjørg Aske Myklebust håpar politikarane tek omsyn til heile distriktet:

– Folk som kjem etter oss skal vere sikre på at dei kan flytte hit og bu her.