Står fram med sanninga om dei «raude rakettane» - 40 år etter

Flammande raude lys over Sognefjorden i 1972 skremte mange, og ein trudde dette var signal frå ein framand ubåt til folk på land. Men no viser det seg at det berre var ein gjeng ungdomar som skaut opp sporlys - for moro skuld.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

UBÅTJAKT: Dei flammande raude lysa over Hermansverk var ikkje signal frå ubåten til folk på land, fortel mannen som sjølv var med å sende dei opp.

Foto: NRK

I november 1972 retta heile verda augo mot verdas nest lengste fjord, Sognefjorden. Etter fleire observasjonar av det som skulle vere ein ubåt, vart det sett i gang ei 16 dagar lang ubåtjakt.

Ni dagar etter den første observasjonen, om kvelden 21. november såg fleire personar fem «raude rakettar» over Hermansverk. Ein trudde då at dette var signal frå ubåten til folk på land.

Men slik var det altså ikkje. No, 40 år etter, står ein av dei som skaut opp «rakettane» fram med si historie.

– Vi tenkte ikkje på ubåten. Ikkje før dagen etterpå då vi såg Dagsrevyen. Då skjønte vi kva som hadde skjedd, seier Per Henjum til NRK.

Hjelparar på land

Medan den kalde krigen var på sitt kaldaste vart Sognefjorden brått arena for ei ubåtjakt hausten 1972. Bakgrunnen var at både Forsvaret og politiet fekk inn fleire rapportar frå folk som var sikre på at dei hadde sett ein ubåt på fjorden.

Etter kvart kom fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og tre helikopter til Sognefjorden for å delta i leitinga. Frå heile verda kom det pressefolk for å dekke søket.

Men ubåten vart aldri funnen, og det er ingen som veit sikkert kva ubåt som var årsaka til den 16 dagar lange ubåtjakta. Men nedgraderte etteretningsdokument frå Forsvaret har seinare stadfesta at det faktisk var ein ubåt der.

Av dei same dokumenta går det fram at den framande ubåten kan ha hatt hjelparar på land som sende opp rakettar for å avleie dei norske fregattane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ubåtjakt i Sognefjorden.

JAKTA I 16 DAGAR: Ei rekkje militære farty kom til Sognefjorden for å søke etter den framande ubåten ein meinte var i området.

Foto: NRK

Frå land

Midt under den intense jakta, i 22-tida 21. november vart det nemleg observert fem «raude rakettar» som vart skotne opp ved Hermansverk. Både folk på land og om bord motortorpedobåten «Kjapp» såg dei. Berre ein time seinare vart det sleppt søkkeminer i same område.

Lenge vart det hevda at rakettane vart skotne opp frå sjøen, men i Forsvaret sine dokument går det fram at rakettane like gjerne vart skotne opp av hjelparar på land.

"- At rakettene kan vere skutt opp fra land, av mulige hjelpere, for å eksempelvis få KNM-Trondheim til å forlate sin posisjon og søke mot Hermansverk, kan man ikke se at har vert undersøkt eller vurdert. Tatt i betraktning at de beste vitneutsagnene kom fra to 12-års gutter og at det var disse som mente at oppskytningen fann sted fra sjøen, synest det å vere lagt for stor vekt på disse vitneutsagnene", står det i dokumenta.

– Det var berre for moro skuld

Per Henjum var i slutten av tenåra denne hausten i 1972. I 40 år har han bore på ein hemmelegheit, men no vil han fortelje kva som eigentleg skjedde.

– Desse fem raude rakettane, dei veit eg om, byrjar han.

Henjum fortel at han var saman med ein kameratgjeng om kvelden den 21. november 1972. Alle var i 18 til 20-års alderen og i bakkane over Hermansverk køyrde dei rundt i bil. Fleire gonger tidlegare hadde dei skote opp sporlys på mørke vinterkveldar.

– Vi testa ut bilane våre, og hadde med oss ein mauser og sporlys.

– Vi sendte no opp eit magasin der oppe, det var berre for moro skuld, seier Henjum.

– Vi vart livande redde

Men dei fem raude sporlysa førte til mykje styr. Nede i bygda var det fleire som såg dei flammande lysa over fjorden. Desse vart umiddelbart sett i samanheng med jakta på ubåten i fjorden, og etter kort tid sleppte altså sjøforsvaret søkkeminer i området.

Henjum fortel at han og kameratane vart livredde då dei såg reaksjonane som sporlysa fekk.

– Vi vart livande redde, så dette skulle det ikkje snakkast om, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

– Rokkar ikkje ved ubåtjakta

Rune Timberlid

KORREKT: Rune Timberlid seier det at Henjum no står fram viser at observasjonane folk sa dei gjorde av raude rakettar var korrekte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rune Timberlid er tidlegare redaktør og journalist, og jobba mykje med ubåtsaka for snart 40 år sidan. Han seier dette om Henjum si forklaring på dei raude rakettane.

– Om ikkje anna så får vi svar på kva det var. Så viser det seg at det nødvendigvis ikkje hadde noko med sjølve ubåtjakta å gjere, seier han.

- Dei observasjonane folk gjorde var jo korrekte, så det er greitt å få slått det fast. det var ikkje rart at dei kopla det til ubåtjakta.

Han meiner samtidig at denne historia ikkje rokkar ved mistanken om at det faktisk var ein framand ubåt i fjorden for 40 år sidan.

– Eg synest ikkje det. Ubåtjakta var eit faktum, og dette rokkar ikkje ved det.

– Det gjekk veldig mykje rykte og når folk ser slike lys i mørke kan det fort vakse til noko det ikkje er.

– No er det vel strafferettsleg forelda

Desse fem «raude rakettane» var altså berre gutestrekar. Oppstyret rundt dei har skremt Henjum og kameratane frå å stå fram med si historie, men etter 40 år lettar han på sløret.

Sjølv nektar han for at han har tenkt så mykje på saka dei siste fire tiåra.

– Det har gått litt i gløymeboka, heilt eg begynt å sjå litt på nettet for ei stund sidan.

– Eg tenkte at no, 40 år etter, så kan det ikkje vere noko fare med å gå ut med sanninga om dei fem rakettane.

– No er det vel strafferettsleg forelda.

– Vi var ikkje russiske agentar

Kameratane som var med då sporlysa vart skotne opp vil ikkje stå fram. Henjum seier det allereie er nokre i den nære kretsen som har kjent til sanninga, men meiner det no er på tide at alle får vite det.

– Vi visste ikkje heilt kva som kunne skje, så vi heldt heilt tett, seier Henjum og seier dei frykta konsekvensane.

– Vi var redde for å bli bura inne og alt mogleg.

– Men de hadde ingenting med ein eventuell russisk ubåt i Sognefjorden å gjere?

– Vi var ikkje russiske agentar, det er heilt sikkert, ler han.