Hopp til innhold

Amerikanske ubåtar i Sognefjorden

I 1967 var amerikanske ubåtar på hemmelege oppdrag i både Sognefjorden og Hardangerfjorden.

Ola Tunander

Forskar Ola Tunander meiner det er interressant at det norske forsvaret nektar å frigje sentrale dokument.

Foto: fortel Ola Tunander, forskar på Institutt for fredsforsking (PRIO). / Scanpix

- Då ein attaché ved den amerikanske ambassaden i Oslo vedgjekk dette, fekk han to dagar etterpå sparken og vart sendt til Vietnam, fortel Ola Tunander, forskar på Institutt for fredsforsking (PRIO).

Skulda på Sovjetunionen

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

Det var ei storstilt leiting etter ein framand ubåt i Sognefjorden i 1972.

Foto: NRK

Ola Tunander har skrive to bøker og forfatta ein omfattande rapport om ubåtkrekningane ved den svenske marinebasen utanfor Stockholm i 1982. Det svenske forsvaret gjekk tidleg ut og skulda Sovjetunionen for å stå bak krenkingane, men dette skulle vise seg å vere feil.

Mellom anna ved hjelp av Tunander sitt arbeid vart det slått fast at det var allierte ubåtar som stod bak, noko som også etter kvart vart vedgått av det amerikanske forsvaret.

Fekk svært interressante opplysningar

Under det omfattande arbeidet med ubåtkrenkingane i Sverige, intervjua Tunander også fleire sentrale aktørar i det norske forsvaret. Og ein leiande offiser i forsvaret si etterretningsteneste kom med svært interessante opplysningar.

- Dette var ein etteretningsoffiser som var aktiv på 50-60-talet. Han fortalde at det var framande ubåtar i sør-norske fjordar i 1958. Dei opererte på ein måte som gjorde at det var usannsynleg at det var sovjetiske ubåtar, seier Tunander.

Fekk sparken på dagen

I 1967 var det framande ubåtar i både Sognefjorden og Hardangerfjorden. Forsvaret si etterretningstenste hadde ei klar oppfatning av at desse ubåtane var amerikanske, noko også den amerikanske attachèen sa seg samd i.

-Då det var kjend kva attachèen hadde sagt, vart han oppsagt på dagen. Ikkje nok med det, han vart overflytta til Vietnam, fortel Tunader.

Vil ikkje sleppe dokument

Tunader meiner det er interessant at det norske forsvaret nektar å frigje sentrale dokument i samband med ubåtjakta i Sognefjorden i 1972, der ein stor styrke uten å lukkast leitte etter ein ukjent ubåt i over 14 dagar.

– I mange land har vi 25-årsregel for å sleppe fri ein del dokument. Men på meir følsomme dokument kan det det vere 70 år eller meir. Ofte gjelder slike saker realasjonar til framande makter, og i dette tilfelle kan det ikkje vere Sovjetunionen, for det landet eksiserer ikkje no.