Hopp til innhold

Nær kollisjon med ubåt ved Nordeide

På veg ut Sognefjorden heldt "Nordfjord I" på å krasje med ein ubåt ved Nordeide i 1972.

Nordfjord 1

'Nordfjord 1' var i november 1972 berre få meter frå å støyte saman med ein ubåt i Sognefjorden.

Foto: Ole Daviknes Knutsen

Ubåten var berre to meter frå skutesida til den kombinerte laste- og passasjerbåten.

- Den kom snikande langs land. Truleg hadde den nettopp vore oppe og heldt på å dykke, eller så var den på veg opp, fortel Knut Stavøstrand, tidlegare Fylkesbaatane-skipper, til Firdaposten.

- Det var ubåt

NRK har siste tida sett fokus på den store ubåtjakta i november 1972. Fleire observasjonar av ubåt i Sognefjorden sette i gang ein 16 dagar lang leiteaksjon. På bakgrunn av medieoppslag om hendinga, vel Knut Stavøstrand å fortelje om si oppleving, nær 40 år etter.

- Eg konkluderte raskt med at det var ein undervassbåt, seier han til avisa.

God sikt

Stavøstrand var navigatør på "Nordfjord 1", som denne novemberdagen låg tett opp mot land på veg ut Sognefjorden. Han hugsar ikkje datoen, men er ikkje i tvil om kva han såg i den blikkstille fjorden - få meter frå skutesida.

- Det var god sikt nede i sjøen, og eg såg konturane av heile skroget i det vi passerte, men det var ikkje råd å sjå kva type ubåt det var. For det eg veit kunne det vore ein amerikanar, seier Stavøstrand og legg til at mannskapet konkluderte med at det truleg var ein austeuropear.