Hopp til innhold

Sette sovjetarane av agentar?

Sette sovjetarane av militære agentar frå ein av ubåtane sine i november 1972?

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dette blir det spekulert i, i dei nedgraderte dokumenta frå Forsvarets Overkommando (FO) som vart utarbeidd i 1973 etter ubåtjakta i norges lengste fjord november året før.

- Kjent måte

Det har versert fleire årsaker til at ein fiendtleg ubåt kunne ha teke seg ulovleg inn i Sognefjorden i 1972 . Tidlegare ubåtkaptein Jacob Børresen seier at det ikkje var uvanleg at sovjetiske ubåtar vart brukte til å sette av og hente ut agentar.

- Det er ein veldig kjent måte å bruke ubåtar på. Å sette på land og hente ut agentar frå fiendtleg territorium, seier han.

- Lite truleg

Børresen meiner likevel at det er lite truleg at Sovjetunionen vitja Sognefjorden for å sette av agentar for 37 år sidan.

- Det var meir vanleg lenger nord, seier han og viser til den såkalla "Bakfjordsaka" der russiske agentar og ein norsk partisan vart sett i land i Måsøy kommune i 1943. Alle dei tre vart arresterte og norske Selmer Nilsen vart fengsla og dømd til fengsel i over sju år for spionasje.

Fleire spekulasjonar

I dokumenta frå FO blir det vidare spekulert i om ubåten lot seg observere i Sognefjorden for å avleie merksemda. Var det sovjetarar, ville dei på den måten lettare gøyme seg vekk utan å bli oppdaga i norske fjordar.

Det blir også diskutert om det var sovjetarar i fjorden for å teste ut dei norske politiske og militære reaksjonane. Det blir heller ikkje utelukka at sovjetarane ville setje ut avlyttingsutstyr for å finne ut om amerikanarane var iferd med å etablere ein ubåtbase der.

Utskytingsbase

Dersom ubåten var frå Sovjetunionen, meiner FO at dei mest truleg var i fjorden for å sjølv kunne gøyme seg unna, og for å teste ut om det var mogeleg å avfyre rakettar mot USA derifrå. Grunna vass- og straumforhold er Sognefjorden ein ideell stad å gøyme seg for ein ubåt. Men skulle ein i krigssituasjon først bli oppdaga, ville ubåten vere ille ute, seier Børresen.

- Då kunne ein til dømes gå inn og droppe ei kjernefysisk djupvassbombe, seier han.