Hopp til innhold

Ubåt kan ha hatt hjelparar på land

Den framande ubåten i Sognefjorden i 1972 kan ha hatt hjelparar på land, det viser nye dokument. Sensasjonelt, seier historikar.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

I november 1972 føregjekk det ei intenst jakt etter ein framand ubåt i Sognefjorden.

Foto: NRK

Nyleg nedgraderte etterretningsdokument frå Forsvaret viser at den framande ubåten oppheldt seg i Sognefjorden i 12 dagar i november 1972. Mesteparten av tida var den i Lustrafjorden.

- Sensasjonelt om ubåten hadde hjelparar

I dei same dokumenta kjem det fram at den framande ubåten kan ha hatt hjelparar på land ved Hermansverk som sende opp rakettar for å avleie dei norske fregattande.

Tidleg på 1970-talet var det mange på Hermansverk som vart skulda for å ha Sovjet-sympatiar, men at dei skal ha hjelpt ei framand makt er nærast sensasjonelt meiner historikar Johs B. Thue.

- Dersom det er slik at folk vert skulda for å vere femtekolonistar på Hermansverk og skal hjelpe framande ubåtar ut av ein kinkig situasjon, så byrjar det å nærme seg ei storpolitisk sak, seier Thue.

Kan ha skote opp naudrakettar

Det er i den nyleg offentleggjorde tryggleiksmessige vurderinga av Sognefjordaksjonen at det går fram at den framande ubåten kan ha hatt hjelparar på land ved Hermansverk.

Den 21. november 1972, midt under den intense ubåtjakta vart det nemleg observert at fleire raude naudrakettar vart skotne opp ved Hermansverk.

Tidlegare har det blitt hevda at rakettane vart skotne opp frå sjøen, men i dei nye dokumenta går det fram at rakettane like gjerne kan vere skotne opp av hjelparar på land.

"- At rakettene kan vere skutt opp fra land, av mulige hjelpere, for å eksempelvis få KNM-Trondheim til å forlate sin posisjon og søke mot Hermansverk, kan man ikke se at har vert undersøkt eller vurdert. Tatt i betraktning at de beste vitneutsagnene kom fra to 12-års gutter og at det var disse som mente at oppskytningen fann sted fra sjøen, synest det å vere lagt for stor vekt på disse vitneutsagnene", står det i dokumenta.

- Dette er jo nærast sensasjonelt og fantastisk synst eg, seier Thue.

- Hermansverk ein naturleg plass for hjelparar

Tidlegare redaktør og journalist, Rune Timberlid, som jobba mykje med ubåtaksjonen i 1972 og sidan har hatt stor interesse for den, ser ikkje vekk frå at ubåten kan ha hatt hjelparar på land.

- Viss ubåten hadde hjelp på land, så var Hermansverk og Leikanger ein svært truleg plass, seier Timberlid.

Han meiner årsaka er at stadane var fylkeshovudstad i endå større grad enn i dag. Mellom anna fordi fylkesmannen og fylkesadministrasjonen heldt til her.

- Viss dei hadde hjelparar høgt på strå, så var det veldig truleg at dei var lokalisert på Hermanskverk dersom dei var i Sogn, seier Timberlid.

Mange radikale på Hermansverk i 1972

I dei same nyleg nedgraderte dokumenta blir den sovjetiske militærattachèen sitt besøk i Sogn i august 1972 sett i samanheng med ubåtkreniningane i fjorden nokre månader seinare. Overkommandoen viste vidare til at også den russiske trålaren "Osinovets" sine anløp i Kristiansand og Bergen i november 1972, kan ha hatt ein slik samanheng.

Thue fortel at det var eit politisk aktivt miljø med mange radikale på Hermansverk på den tida.

- I alle desse bygdene var det jo gamle heiderlege kommunistar som tilhøyrde Norges kommnistiske parti. Dei var flotte folk etter mitt syn, og dei var også motstandarar av NATO, fortel Thue

- Det er mogleg at det ligg noko i det at no er det krefter her som skal øydeleggast og det er natomotstandarane, seier han vidare.

- Kan det vere at nokon av desse kommunistane har skote opp rakettane?

- Det kan eg ikkje svare på no. Vi inne i eit felt der kjeldegransking er viktig. Kor kjem desse opplysingane frå, finst det politirapportar og så vidare. Dette er sprengstoff på høgt nivå, avsluttar historikaren.