Hopp til innhold

Forskar: – Det er vanskeleg å sjå teikn på at unge er late

FØRDE (NRK): Ingvild Farsund Tjønn (21) er ein av dei som bruker store delar av sommaren på å jobbe. – Det er vanskeleg å sjå klare signal på at unge er late, seier arbeidsforskar.

Ingvild Farsund Tjønn

SOMMARJOBB PÅ FEMTE ÅRET: Ingvild Farsund Tjønn (21) har jobba som ekstrahjelp hos Coop sidan ho var 16 år, og hatt sommarjobb kvart år. – Det er mest for å tene pengar til ferie. Eg studerer på sida, då er det òg greitt å ha litt ekstra, og å kunne setje av til sparing.

Foto: Benedikte Grov / NRK

I Coop Extra-butikken i Førde har Ingvild Farsund Tjønn (21) sin første dag i sommarjobb. Ho har jobba der i fem år og like mange somrar.

– Eg har jobba fast som ekstrahjelp ein til to gonger i veka og annankvar helg. Om somrane er det fullt køyr, med unntak av eit par veker ferie, med jobb måndag til fredag pluss helg.

Sommarjobbsesongen er i gang for fullt, men ikkje alle er like imponerte over arbeidsinnsatsen til norsk ungdom. Hos Walaker hotell meiner hotellsjefen at ungdommen var flinkare til å arbeide før. Norsk ungdom gir seg fort og vil heller på ferie, meiner bærbonde.

– Ressursgruppe

Farsund Tjønn har studert det siste året, og bruker sommaren til å skaffe kjærkomne inntekter. Å ikkje jobbe er ikkje eit alternativ. Dei aller fleste av vennene hennar har òg sommarjobb. At ungdom har dårleg arbeidsmoral, er ho ikkje einig i.

– Her er butikken avhengig av at dei yngre kan stille opp. Det kjem ofte folk innom og spør etter jobb.

I dei nær 70 butikkane i konsernet er det ein god del ungdommar i feriejobb, men også i deltidsstillingar året elles, fortel HR- og utviklingssjef Øyvind Indrebø.

– Vi er generelt sett godt nøgde. Ungdommen er ei viktig ressursgruppe for oss, seier han.

Øyvind Indrebø, Coop Vest

ARBEIDSGJEVAR: Også arbeidsgjevar sit på nøklar for dei unge skal lukkast, seier Øyvind Indrebø i Coop Vest. – Eit viktig suksesskriterium er å ta imot ungdom på ein god måte, gir dei utfordringar og tilbakemeldingar, så er sjansen større for at dei veks med oppgåvene.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vårt subjektive inntrykk er at ungdommen er flinke å jobbe. Så finst det i dette alderssegmentet – som i andre alderssegment – nokre som er flinkare enn andre.

Prestasjonskrav

Seniorforskar Arild Steen ved Arbeidsforskingsinstituttet seier sysselsetjinga blant unge mellom 15 og 24 år har vore relativt stabil dei siste 20 åra, med eit mindre fall som kan kome av at fleire unge tek utdanning.

– Det er vanskeleg å sjå indikasjonar på at ungdom er late. For det første jobbar dei ganske mykje, men det som òg kan avgjere er tilfanget av jobbar. Det kan vere at prestasjonskrava er større, det peiker ikkje i retning av at unge er late, seier han.

– Færre jobbar

Seniorrådgjevar Jon Epland i SSB har studert delen deltids- og sommarjobbar i gruppa 15–17 år.

Talet unge med slik yrkesinntekt har sokke frå slutten av 1990-talet til 2015. Men ikkje grunna dårlegare arbeidsvilje, trur Epland.

– Jobbar som typisk ufaglært med låg kvalifisering forsvinn meir og meir. Det som blir igjen er meir automatiserte jobbar som krev meir kvalifisering, og vanskelegare å kome inn. I tillegg er det nok slik at mange ungdommar i større grad enn før kjempar om dei same jobbane som unge arbeidsinnvandrarar på korttidsopphald.