Hopp til innhold

– Statoil får ikkje politisk støtte

Leiar i Miljøkomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp), trur Statoil kan sjå langt etter politisk støtte dersom dei ikkje presenterer ein pakke som styrkjer Florø og Sogn og Fjordane.

Erling Sande og Saga Fjordbase i Florø

VIL UNNGÅ FLYTTING: Senterparti-politikar Erling Sande meiner arbeidsplassane og petroleumsaktiviteten må bli i Florø og hos Saga Fjordbase.

Foto: Montasje / NRK

Sande har torsdag vore i møte med Statoil, og fortel at han har gitt dei klare signal om kva politikarane meiner om at dei vurderer å flytte frå Florø.

– Eg har anbefalt Statoil at i den grad ein ønskjer politisk støtte til ei omorganisering av basedrifta på Vestlandet så må det vere presentert ein pakke som styrkar Florø, Sogn og Fjordane og petroleumsmiljøet her, og ikkje svekkjer det, seier Sande.

250 arbeidsplassar i fare

Torsdag skreiv Firdaposten at Statoil sitt effektiviseringsarbeid kan få store følgjer for Saga Fjordbase i Florø, og at i verste fall kan halve basen bli vekke.

Tysdag fekk administrerande direktør i Saga Fjordbase, Agnar Strømsnes, presentert planane Statoil har for framtida. Onsdag vart tilsette ved CCB-basen i Ågotnes orientert om at selskapet vurderer å flytte forsyningsaktiviteten sin til Mongstad.

Blir intensjonane gjennomførde i Florø, betyr det at halvparten av dei 500 arbeidsplassane vil forsvinne, ifølgje Strømsnes.

– Får ikkje politisk støtte

Sande seier det ikkje vil vere politisk støtte å hente på å svekkje det ein har klart å etablere dei seinare åra.

– I alle fall ikkje frå mi side. No har eg vore oppteken av å få oversikt over situasjonen, dernest å gi eit tydeleg signal om at vi frå Senterpartiet si side og også den raudgrøne regjeringa, har vore ekstremt opptekne av at petroleumsverksemda skal gi ringverknader langs med kysten. Vi skal ha arbeidsplassar og vi skal ha aktivitet, seier Sande.

Han legg tydeleg vekt på at nokre ting kan organiserast innanfor selskapet sjølv, men at andre ting er bygd opp gjennom konsesjon. Sande har ikkje tru på at Stortinget vil gå med på å løyse opp konsesjonane.

Fylkeskommunen i dialog

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, tek førebels situasjonen med ro.

– Vi er i ein god dialog med Statoil. Dei har vore opne og orientert. Dette er ein prosess, og Statoil er fullt klar over dei konsesjonsvilkår som vi har og som ligg i botn, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

I DIALOG: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, tek situasjonen førebels med ro.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jenny Følling, andre stortingskandidat for Senterpartiet og fylkesvaraordførar, uttalte tidlegare torsdag at ei slik utvikling var uaktuell og måtte stoggast. Kjelsnes seier ho har ein litt annan inngang til saka.

– Eg meiner at så lenge vi har våre konsesjonsvilkår som vi ikkje gir frå oss, så er det ingen fare i å høyre kva tankar ein har, og vurdere korleis ein kan vinn-vinn-situasjon. Det kan vere oppsider for oss, og dei er eg interessert i å høyre om.

– Strømsnes seier det kan vere 250 stillingar som ryk. Korleis kan du då seie at det ikkje er fare?

– Ja, om vi gir frå oss konsesjonsvilkår og let dei få gjere akkurat som dei vil utan å ta omsyn så kan det vere eit scenario. Men slik eg ser det så er det uaktuelt. Vi går sjølvsagt ikkje med på å halvere tal på sysselsette i basen, men det betyr ikkje at vi ikkje kan ha ein dialog, seier Kjelsnes.